Sjukepleiarstudentar med innflytelse


Sjukepleiarstudentar i praksis ved Sola Distriktspsykiatriske Senter (Sola DPS) er inkluderte i arbeidsmiljøet og blir høyrde på lik linje med andre tilsette. Sidan dette er ein rettleiingspost, er forholda lagde ekstra godt til rette for studentane. UiS er først ute i landet med eit slikt tilbod innan psykiatrien.

– Universitetet i Stavanger har i alle år vore førande på metodikk for rettleiingspostar for sjukepleiarstudentar. Institutt for helsefag har seks slike postar som sørgjer for ekstra god oppfølging av studentane, og hausten 2009 blei me dei første i landet som fekk rettleiingspost i psykiatri, seier instituttleiar Kari Vevatne.

Tett samarbeid
På ein rettleiingspost er det eit tett samarbeid mellom student, lærar og praksisstad. Det krev mykje av tida til læraren, praksisstaden får fleire studentar enn vanleg og terskelen for rettleiing er lågare.

– Det blir sett av tid til rettleiing på førehand, og me blir kalla inn. Viss me treng rettleiing, er det berre å be om det. Me er studentar på personalplan, så rettleiinga og kompetansen me får overført, er heilt unik, seier student Kai Abrahamsen.

Open avdeling
I løpet av åtte veker jobbar tredjeårsstudentar på sjukepleiarutdanninga tilsvarande ei 80 prosent stilling. Ein arbeidsdag kan mellom anna innebere samtalar, behandlingsmøte, rapportar og medisinering.

Sola DPS er ei open avdeling og har pasientar som slit med til dømes schizofreni og angst. Nokre er veldig sjuke, medan andre stort sett klarer seg sjølve. Målet er at pasientane skal få eit godt liv på utsida, så senteret legg gjerne opp til aktivitetar som kan vere aktuelle når dei kjem ut igjen. Det er ikkje uvanleg med korkje handleturar eller eit besøk i helsestudio.

Meir enn student
– Det er veldig annleis å vere i praksis her, for me blir veldig inkluderte i miljøet og tekne inn i varmen. Eg blir ikkje berre ein student som står som eit ekstra namn på tavla, men ein del av personalet, seier student Karianne Karlsen Thu.

Thu meiner praksisen er utviklande, og at det er mange følelsar dei blir tvinga til å takle.

– Eg tek utfordringar eg ikkje hadde teke om eg ikkje hadde blitt pusha til det. Eg føler meg på lik linje med kontaktsjukepleiaren. Også psykiatrar og legar ser på meg som ein av personalet og spør meg kva eg tykkjer. No skal eg i eit behandlingsmøte der vi skal snakke om mitt syn på pasienten. Det er skummelt, men spennande og utviklande, seier Thu.

Godt læringsmiljø
Studentane jobbar som regel saman to og to. Dei går tett saman med kontaktsjukepleiarane, som held seg meir i bakgrunnen.
– Nokre gonger er det vanskeleg å ikkje gripe inn, men ein blir veldig bevisst på si eiga rolle som sjukepleiar og korleis ein handterer prosedyrar og rutinar, seier konktaktsjukepleiarane Jørn Arne Idsal og Camilla Norland.

Dei har vore rettleiarar i nesten eitt år, og dei føler dei får god kontakt med studentane. Læringsmiljøet er bra, og terskelen for å undre seg, stille spørsmål og komme med konstruktiv kritikk er låg.

Imponert over utviklinga
Universitetslektor Anne Margrethe Kinn Aasland er rettleiar, og kilometerlista viser at ho ofte er på Sola DPS. To dagar i veka er ho der fast. Då rettleier ho kontaktsjukepleiarane, utviklar metodar og prøver å lage eit godt læringsmiljø. Dette blir FoU-tid i praksisfeltet.

– Eg er imponert over kor mykje som skjer i løpet av dei åtte vekene dei er i praksis. Studentgruppa utviklar seg, og eg ser at dei blir tryggare. Dette seier mykje om motivasjonen til studentane, men like mykje om miljøet. Dei må lære ting, og samstundes finn dei ut mykje om seg sjølve. Her møter dei kjenslemessige utfordringar, og ein vil uansett møte seg sjølv i døra. Dette er utviklande for alle arenaer i livet, seier Aasland.

Bevisst arbeidsplass
Dei tilsette ved Sola DPS jobbar svært bevisst for å vere ei verksemd som legg vekt på læringskultur og utvikling.
– Tanken er at me utviklar oss sjølve gjennom å ha studentar, og me ønskjer ikkje å stivne. Når me har ein lærar frå UiS her så ofte, får me moglegheit til å kombinere erfaringane i praksis med teoretisk ballast, seier Jon Vidar Strømstad, som er assisterande avdelingssjukepleiar på post B.

Har fått meirsmak
Veronica Fon er ein av dei utplasserte studentane. Det ekstra ansvaret på praksisplassen har på ingen måte skremt ho vekk. Allereie då ho byrja på sjukepleiarutdanninga, hadde ho ein tanke om å jobba innan psykiatrien.

– Heile familien arbeider med dette, så eg må nesten berre eg òg, smiler Fon.

– Eg har høyrt mange historiar og har alltid synst det høyrest spennande ut. Eg tenkjer kanskje på vidareutdanning i psykiatri, og eg vil gjerne jobbe med rus, seier ho.

Tekst: Janet Molde Hollund
Foto: Elisabeth Tønnesen

VIL DU VITE MEIR?
Anne Margrethe Kinn Aasland, Institutt for helsefag, UiS
Tlf. 51 83 41 93


Sist oppdatert av (10.03.2010)

Skriv ut artikkel print symbol
Her er eit illustrasjonsbilete av sjukepleiarstudent Veronica Fon som spelar med ein pasient. Foto: Elisabeth Tønnesen.
Veronica Fon spelar med en av pasientene ved Sola DPS. Ein arbeidsdag inneber mange ulike oppgåver for studentane. Foto: Elisabeth Tønnesen.
Her er eit bilete av Veronica Fon som hentar medisinar. Foto: Elisabeth Tønnesen.
Veronica Fon har lyst til å jobbe innan psykiatrien. I praksis får ho under rettleiing vere med på å dele ut og administrere medikament. Foto: Elisabeth Tønnesen.
Her er eit bilete av Elfrida Håstø saman med kontaktsjukepleiar Jørn Arne Idsal. Foto: Elisabeth Tønnesen.
Når pasientane samtykkjer får praksisstudentane vere med på behandlingssamtalar. Her er Elfrida Håstø saman med kontaktsjukepleiar Jørn Arne Idsal. Foto: Elisabeth Tønnesen.

FØLG UIS I SOSIALE MEDIER