Lydopptak av bokpresentasjon med Rune Dahl Fitjar


Rune Dahl Fitjar presenterte si bok "Rise of Regionalism" på tysdag, med kommentarar av sjefsredaktør Tom Hetland. Presentasjonen blei teken opp, så dersom du gjekk glipp av den, eller vil høyra den om att, er dette no mogleg.

Rune Dahl Fitjar, tilsett som Senior Research Scientist hjå IRIS, gav ein god presentasjon av boka si på tysdag. Han fortalde ein del om korleis han hadde gått fram i forskingsarbeidet som ligg bak boka, og kva slag funn han hadde gjort i løpet av prosessen. Regionalisering er eit aktuelt tema over det meste av Europa, noko Fitjar si tverrsnittstudie av 212 regionar i Vest-Europa viser.

Tom Hetland, sjefsredaktør i Stavanger Aftenblad, rosa Fitjar for å ha skrive ei god og interessannt bok. Som ein god akademisk opponent hadde han også nokre innvendingar å koma med. Han tok utgangspunkt i Fitjar si studie av regionaliseringa i Rogaland dei siste 40 åra, og var ikkje heilt einig i alle konklusjonane han dreg. Det vart ein god samtale mellom dei, med påfølgjande spørsmål og innspel frå salen.


Podcast
Du kan høyre presentasjonen ved å klikke på lenkja under og vidare på "Fitjar.mp3". Presentasjonen med kommentar varer i ca. 39 minuttar.

HØYR RUNE DAHL FITJAR SIN BOKPRESENTASJON HER

Dersom du ønskjer å laste ned presentasjonen, og til dømes laste den over på ein Mp3-spelar eller brenne den på ein CD, kan du høgreklikke på "Fitjar.mp3" og velje "Lagre mål som". Då blir fila lagra på maskina di, og du kan høyre ho slik det passar deg. Fila er på ca. 36 MB.

På denne sida er det mogleg å abonnere på bokpresentasjonar som RSS. Klikk på "Abonner på denne feeden" øverst på sida dersom du ønskjer det.

iTunes
Presentasjonen er og tilgjengeleg for lytting og nedlasting i iTunesU. Klikk her for å koma til UiS si side, og gå videre inn på Universitetsbiblioteket under UiS Research for å koma til bokpresentasjonane vi har lagt ut.


(FOTO: Thomas Bore Olsen)


Sist oppdatert av John David Didriksen (12.03.2010)

Skriv ut artikkel print symbol
Bilete frå bokpresentasjon.
Rune Dahl Fitjar (ståande) presenterte boka si. Tom Hetland (til høgre) kommenterte, mens forskningsdirektør Helge Ole Bergesen (til venstre) introduserte forfattaren og var ordstyrar.

FØLG UIS I SOSIALE MEDIER