Ny løsning på Legionella


Årets første nummer av eksternmagasinet UniverS har kome ut. Her kan du lese om alternativ spiritualitet på frammarsj i tv-mediet og om legionellaforskning ved IRIS som har gjeve endringar i kampen mot Legionella. Du kan òg lese om digital tekstkultur i vidaregåande skule.

Det første nummeret av eksternmagasinet UniverS inneheld ein større reportasje frå International Research Institute of Stavanger (IRIS). IRIS-forskarane har i samarbeid med Stavanger kommune sett på korleis legionellabakterien oppfører seg i kommunale dusjanlegg. Målet er å finne effektive og rimelegare metodar for å gjere det tryggare å dusje. Forskarane meiner ein må tenkje heilt nytt når det gjeld å forebyggje for Legionella.

Les pdf-utgåva av UniverS nr. 1 2010.

Spiritualitet og overtru
Religionsvitar ved UiS Anne Kalvig har undersøkt programtilboda når det gjeld religions- og livssynsrelaterte program i TVNorge og Kanal Fem. Ho fann at dei einsidig fremjer alternativ spiritualitet og at dette fenomenet i stor grad er blitt fortagd i offentlegheita.
Ein annan artikkel i UniverS tek føre seg overtru i Ghana. Store helseprogram har ført til at fattige ghanesarar med låg utdanning lettare aksepterer medisinske forklaringar på hiv/aids. Professor og sosiolog Knud Knudsen ved UiS har samarbeida med den ghanesiske doktorgradsstudenten Phyllis Antwi om å forstå ghanesarane sine haldningar og praksis i forhold til aids.

Digital klasse
Elevane ved vidaregåande skular har i dag hatt tilgang til pc gjennom heile skulelivet sitt. Det er likevel mykje som står att før ein kan seie at skulen fullt ut nyttar dei moglegheitene som dei digitale ressursane gjev. Stipendiatane Arne Olav Nygard og Magne Rogne ved Lesevitskap ved UiS forskar på digital tekstkultur i skulen og korleis skulen tek i bruk dei digitale tekstressursane.

Fleire faste spalter
Magasinet formidlar også ei spanande historie om graver som forvirrar arkeologane. Du kan lese ei forteljing om Hans Erik Aarek som forskar på kveker-historia og tek vare på kvekerarven. Du kan òg lese om stipendiaten som er i ferd med å gje oppdrettsnæringa eit viktig verktøy for fôring av fisk som gjev betre kontroll og betre produkt.

Nytt denne gongen er at vi har fått fleire faste spalter. Blant anna kan du lese om språkforskarane sine funn i Ord under lupen og i Kunst på campus kan du lese kunsthistorikar Hild Sørbys betraktningar om kunsten som finst på universitetscampusen.

Magasinet kjem i dag ut på ”gata” – campus Ullandhaug – og blir så vidare distribuert til alle våre eksterne abonnentar. 

Sjå oversikt over tidlegare UniverS.
 


Sist oppdatert av Leiv Gunnar Lie (04.03.2013)

Skriv ut artikkel print symbol