8. mars på Sølvberget


Måndag inviterer Nettverk for kjønnsforsking og Stavanger bibliotek til 8. mars-feiring på Sølvberget. Tema i år er kjønn, kultur og religion.

For tredje gong blir det feiring av kvinnedagen på Sølvberget. Dei to føregåande åra var arrangementet så fullt at arrangørane blei nøydde til å be nokre av dei frammøtte om å gå heim att. Dette året skal plassproblemet vere løyst. I kinosal 8 på Sølvberget håpar dei å kunne ta imot inntil 200 menneskje.

Supplement til Byparken
Med foredrag, forfattarmøte og musikalske innslag vil arrangørane markera 8. mars. Programmet startar med lett servering klokka 16, og sidan det er meint å vere eit supplement til det offentlege programmet i Byparken klokka 18, sluttar det slik at folk kan hengje seg på dette etterpå.

Kjønn, kultur og religion
– Tema i år er brennaktuelt og handlar om kjønn, kultur og religion. Me set søkjelys på korleis kulturelle normer og religiøse reguleringar legg føringar for kjønn og seksualitet, fortel Ingvil Førland Hellstrand i Nettverk for kjønnsforsking.

Hovudtalar er professor Jorunn Økland, som opphavleg er frå Stavanger. Økland er professor i tverrfagleg humanistisk kjønnsforsking og senterleiar ved Senter for tverrfagleg kjønnsforsking ved Universitetet i Oslo. Ho er oppteken av at religion ikkje berre er noko ”dei andre” har, men at det er noko som ligg nedfelt i våre eigne kulturelle mønster.

I tillegg kjem forfattar Amal Aden, som blei kjend i Noreg då ho kritiserte delar av det somaliske innvandrarmiljøet i boka ”Se oss: Bekymringsmelding frå en norsksomalisk kvinne” i 2008. Aden er oppteken av kvinner og barn i innvandrarmiljøa skal ha det same rettsvernet, dei same fridomane og dei same moglegheitene som alle andre i Noreg i dag.

Arrangement for alle
Hellstrand seier at dei som kjem ikkje treng vere verken aktivistar eller raudstrømper.

– Engasjementet rundt arrangementet har vist oss at kvinnedagen framleis er høgst aktuell. Hit kjem alle slags folk, både unge og gamle som har lyst til å markere 8. mars.

Samarbeidet med Sølvberget kom i gang då Nettverk for kjønnsforsking markerte 8. mars første gong for tre år sidan. Etter det har dei jobba saman om mange arrangement, noko Hellstrand og Nettverk for kjønnsforsking set stor pris på.

Sølvberget, kinosal 8, måndag 8. mars kl. 16-17.45.
Billettane kostar kroner 50/100/150 for student/aftenbladkort/vanleg og kan kjøpast på Sølvberget eller på nettsidene til Sølvberget.
 


Sist oppdatert av (05.03.2010)

Skriv ut artikkel print symbol