Henning Knutsen skriv om liv i universet


Professor Henning Knutsen har skrive årets fyrste nummer av det populærvitskaplege tidsskriftet Naturen i sin heilskap. Temaet er liv i universet.

Knutsen er med i Nasjonalt redaksjonsråd for tidsskriftet og er ansvarleg for emna fysikk og astronomi. I samband med at 2009 var det internasjonale astronomiåret, har Naturen gjeve ut eit eiga nummer om ulike emne innan astronomi. Professor Knutsen har derfor skrive heile bladet.

Henning Knutsen skriv om liv og intelligens i universet, krav til liv, utvikling av liv og ikkje minst intelligent liv. Han gjer òg reie for korleis mennesket har oppfatta sola i høve til jorda opp gjennom tidane. Til slutt samlar han trådane i kapitlet Kosmologi – studiet av den ganske verden.

Tidsskriftet er i salg på Narvesen-butikkar og er sjølvsagt også å finne på Universitetsbiblioteket.


Sist oppdatert av Leiv Gunnar Lie (24.02.2010)

Skriv ut artikkel print symbol