Erik Paulsen disputerer


Fredag 19. februar 2010 disputerer Erik Paulsen for ph.d.-graden ved Universitetet i Stavanger. Med si avhandling gjev han spesialpedagogikken ei auka forståing av sosialt passive elevar i ungdomsskolen og deira behov i skolekvardagen.

Avhandlinga søkjer å gje ei betre forståing av skolekvardagen til sosialt passive elevar i ungdomsskolen. Tittelen på avhandlinga er ”Social passivity among pupils in junior high school: antecedents, perceptions of the learning environment and consequences for academic achievements”.

Fredag 19. februar klokka 12.00 i Auditorium 2 i Kjell Arholms hus skal Erik Paulsen forsvara avhandlinga si.

Før sjølve disputasjen skal Paulsen i ilden med si prøveførelesing klokka 10.00. Oppgjeve emne for førelesinga er: ”Hvordan kan engasjement og mangel på engasjement i skolearbeidet forstås ut fra teori om målorientering og ut fra teori om selvverd?”

Metode berre for dei sosialt aktive?
Dei siste åra har det vore ei auka vektlegging av elevaktive metodar i skole og undervisning. Dette aukar også krava til elevane om å samarbeide meir med kvarandre og om å halda presentasjonar for læraren og klassa si. Slike læremetodar kan favorisere sosialt aktive elevar og kan gje dei meir sosialt passive elevane store utfordringar.

Læraren kan også tolke dei sosialt passive elevane til å vere mindre motiverte og mindre interesserte i å delta fagleg enn det som er tilfelle. Dette kan føre til at dei passive elevane ikkje får vist kva evner og kapasitet dei har.

Med dette som bakteppe har stipendiat Erik Paulsen forska på kva for pedagogiske behov sosialt passive elevar har.

Lav sosial kompetanse
I sitt doktorgradsarbeid har Paulsen fått svarskjema frå 501 elevar i ungdomsskolen der dei vart spurde om si eiga meining om blant anna eiga personlegdom, miljø og deira evne til å interagere med andre. Også hovudlærarane har gjeve innspel til forskaren.

Forskingsresultata viste at elevar som er passive på skolen, skårar lågare på sosial kompetanse. Dette gjaldt meir for jentar enn for gutar. Forskinga viste også at det var ein tendens til at sosialt passive elevar får dårlegare karakterar i fleire fag. Dette slo mest negativt ut for faga musikk og munnleg norsk, mens når det gjaldt matematikk var det ikkje ein slik tendens.

Forskaren har også kome fram til at personlegdom og miljø er bestemmande for om eleven er sosialt passiv på skulen eller ikkje.

Utfordrar skolane

Med avhandlinga si utfordrar Erik Paulsen skolar og lærarar til å etablere gode læresituasjonar som er passande for passive elevar.

Hovudrettleiar for doktorgradsarbeidet har vore professor Edvin Bru ved Senter for atferdsforskning ved Universitetet i Stavanger.

Bedømmingskomitéen er professor Mats Ekholm ved Karlstad universitet, professor Einar Skaalvik ved NTNU og førsteamanuensis Ingunn Størksen ved Senter for atferdsforsking ved Universitetet i Stavanger.
 


Sist oppdatert av (19.02.2010)

Skriv ut artikkel print symbol