Stor auking i talet på utvekslingsstudentar


Talet for studentar frå UiS som reiser på utveksling har auka med 60 prosent frå 2008 til 2009. Student John Normann Gundersen er så nøgd med sitt opphald i København at han planlegg eit nytt halvår i utlandet.

Måndag 15. februar er fristen for å søkje om å reise på utveksling gjennom UiS. Ifølgje Resultatrapporteringa 2008 og 2009 har tala for studentar som reiser på utveksling stige frå 119 til 191.
– Det er positivt at talet på utvekslingsstudentar aukar. Dei som ikkje reiser, veit ikkje kva dei går glipp av, seier John Normann Gundersen.
På denne tida i fjor pakka han ryggsekken og retta nasen mot København og Danmark tekniske universitet (DTU).

Storbyliv
Gundersen er nøgd med valet av studiestad.
– Du veit ikkje kva København har å by på før du har budd der. I København treff du alle slags menneskje, og det er alltid mykje liv, seier han.
Danmark tekniske universitet (DTU) er Danmark sitt største og førande universitet innafor utdanning av ingeniørar og innan teknisk vitskapeleg forsking.
– Vi studentar hadde god kontakt med førelesarane, og det var godt samhald i klassen eg gjekk i. Universitetet har høgt, fagleg nivå. Dei tar imot fleire hundre utvekslingsstudentar, så det var godt lagt til rette for oss, seier Gundersen.
Han tok utvekslingsopphaldet som ein del av bachelor i maskiningeniør-utdanninga.

Vil gjenta suksessen
Under opphaldet fikk Gundersen vener ifrå heile Europa og ifrå USA.
– Eg var med på fadderveke, og då fekk eg jo 20 nye vener med ein gong. Alle studentane var i same situasjon, og ville gjerne treffe nye folk, seier han.
Medan han budde i København rakk han å reise på tur til andre stader i Europa, som til Alpane, Dublin og Berlin.
No håper han å reise på utveksling igjen.
– Eg har lyst til å reise ut eit semester til. Denne gongen vil eg reise lenger, kanskje til USA, seier han.

Strategisk jobbing
Bjarte Hoem, rådgjevar i internasjonale relasjonar i Utdanningsavdelinga ved UiS, ser aukinga i talet på utvekslingsstudentar som eit resultat av strategisk jobbing.
– De internasjonale koordinatorane ved UiS har gjort ein kjempeinnsats med å promotere utanlandsopphald. Instituttane tilrettelegg i større grad enn før for at studentane skal kunne ta eit år eller semester i utlandet, seier han.
Han trur også at aukinga kan ha med trendar å gjere.
– Studentar snakkar saman, og når nokre har vore på utveksling, får andre også lyst til å gjere det same, seier han.
Ifølge Karina Danielsen Tallmann, seniorrådgjevar i Eining for studentservice, er det ei større spreiing i studentar frå ulike studieprogram som reiser på utveksling enn tidlegare.
– Fleire og fleire studieprogram legg til rette for at studentane skal få reise ut. Til dømes får dei ta valfag eit semester, slik at dei kan ta fag ved andre institusjonar, seier ho.

USA-bølgje
Den siste tida har mange studentar vist interesse for å reise til USA. UiS har mellom anna avtaler med University of Wisconsin, Platteville, University of California, Berkeley og University of Alaska Anchorage.
– USA låg langt nede ei stund. No er det fleire studentar som vil reise dit, og særleg sør i USA. Det er også mange som vil reise til Canada. Viss vi skal møte alle ynska, må vi inngå fleire avtaler med amerikanske universitet, seier Hoem.
Tallmann ser den auka interessa for USA i samanheng med politiske endringar.
– Utan at studentane har sagt det direkte, er det kanskje blitt meir stuereint å ynskje seg til USA. Det er ein ny president og ein ny giv. Det er dessutan ei Nord-Amerika-satsing frå Kunnskapsdepartementet si side, seier ho.

Gode universitet i Norden
UiS har samarbeidsavtalar med alle universiteta i Norden. Hoem trekkjer fram Universitetet i Lund som eit døme på eit universitet av høg akademisk kvalitet som ligg i ein spanande studentby.
– Du treng ikkje reise langt for å oppleve noko nytt. Lund har ein veldig intim atmosfære. Studentane utgjer ein stor del av innbyggjarane. Universitetet ligg sentralt. Det tar ein snau time med tog til København og 15 minutt til Malmö, seier han.
Utdanningavdelinga vil halde fram med å jobbe for at talet på studentar som vel å ta eit semester eller to i utlandet skal fortsette å auke.
–Dei som reiser på utveksling vert meir attraktive på arbeidsmarknaden. Undersøkinga ”Studiemobilitet og arbeidsmarkedstilpasning” frå NIFU STEP viser at dei har høgare løn enn dei som tar heile utdanninga i Noreg, seier Hoem.
Han meiner det at fleire vil på utveksling er positivt for både studentane og for UiS.
– Ved at studentar reiser på utveksling, kan vi gi et breiare tilbod enn det som undervisast i her på campus. Når studentane kommer tilbake, har dei kunnskap om ein annan kultur og andre undervisningsmetodar, som både kommer medstudentar og førelesarar til gode, seier han.

Her kan du lese meir om
 


Sist oppdatert av (02.03.2010)

Skriv ut artikkel print symbol
John Normann Gundersen foran Arne Rettedals hus
– Tida eg var utvekslingsstudent var utan tvil den beste delen av utdanninga mi, seier John Normann Gundersen.
Bjarte Hoem og kart
Undersøkingar har vist at dei som har tatt utdanning i utlandet får høgare løn enn dei som har tatt heile utdanninga i Noreg, opplyser Bjarte Hoem.

FØLG UIS I SOSIALE MEDIER