Mediestudentar driv eiga multimedial nettavis


Måndag 8. februar startar eit tre vekers medieprosjekt på Universitetet i Stavanger. Tre medieklassar med til saman 50-60 studentar skal produsere nyheiter for nett, radio og fjernsyn på nettavisaullandhaug.no.

Den første dagen er i gang. Rom 07 i U1 i Arne Rettedals hus er stappfullt, og dei som kjem for seint må nøye seg med ståplass. Mediestudentane på UiS har felles morgonmøte, og førsteamanuensis og prosjektleiar Turid Borgen spør studentane om dei er klare. Berre ein svarar.

– Ok, Magnus er klar. Håper resten av dykk er det òg, smiler Borgen.
– Første tips er allereie kome inn til nettredaksjonen. Bilistar på veg frå Ålgård sit i kø, kan det vere ei ulukke?

Redaksjonen er sett saman av første og andre klasse på fjernsyn- og multimedieproduksjon og førsteklassingar på journalistutdanninga.

– Målet er at studentane skal lære seg nyheiter og produsere kjapt. Sidan me lever i ei fleirmedial verd, skal dei lage stoff til både radio, tv og nett, seier Borgen.

Første gang i fjor
Medieprosjektet blei gjennomført for første gang i fjor, og Borgen var imponert over kor mykje dei fekk til - trass i at dei fleste var svært uerfarne. Studentane fyller alle roller, som til dømes programleiar, tv-produsent, nettansvarleg og deskleiar.

– Dette blir ein pangstart, seier Cecilie B Jåsund. Ho er den første kvinnelege programleiaren som skal prøve seg på fjernsyn, og testar studio saman med dei som skal styre kamera, lyd og lys.
– Det er ikkje ofte ein får slike moglegheiter, så det er berre å hoppe på og prøve, seier ho.

Konkurrerer med andre
Målgruppa er innbyggjarar på Nord-Jæren. Dermed skal studentane kjempe om å vere først med dei same sakene som resten av media i Stavanger.

– Me prøver å få til ein del eigne nyheiter. I fjor ble nokre av sakene våre òg plukka opp av andre medium, og det var jo veldig kjekt, fortel Borgen.

Nettavisaullandhaug.no
Alt vil bli publisert på nettadressa nettavisaullandhaug.no. I tillegg til nettavis blir det daglege radio- og tv-sendingar tysdag til fredag. Radiosendingane startar klokka 15 og fjernsynssendingane byrjar klokka 17. I tillegg blir det nyheitsbulletiner på radio kvar time frå klokka 11-14.

– Alt skal gå direkte. Me vil ha gjester i studio kvar dag, og skal i tillegg vere på link i kvar sending. I utgangspunktet har me analog link. Men på grunn av at ein tredjeårsstudent skriv bacheloroppgåve om breiband, skal me òg prøve ut breibandsteknologi, seier Borgen.

Intenst - men morosamt
Torsdag førre veke blei rollene delte ut til spente studentar. Borgen reknar med at det blir nokre intense veker for både lærarar og studentar.

- I fjor var eg på jobb frå 8-18 kvar dag. Men det er morosamt, og eg trur det er ei veldig verdifull erfaring å ta med seg vidare, seier Borgen.

– Dette er kjempespennande! Ein lærer mest av å bli kasta ut i det, seier Sigrid Moe. Dei første tre dagane kan ho titulerast vaktsjef på nett.

Med eitt år på radio og tv frå Skjeberg Folkehøyskole i bagasjen har ho litt erfaring, og trur ho skal klare å ha kontroll på taumane.

– Dette blir mest som ein minipraksis. Eg gler meg, og alle har bygd opp forventingane til det som skal skje, seier Moe.

Tekst og foto: Janet Molde Hollund

Les, høyr og sjå på nettavisaullandhaug.no


Sist oppdatert av (08.02.2010)

Skriv ut artikkel print symbol
Her er eit bilete frå fjernsynsstudio. Cecilie B. Jåsund skal vere programleiar, medan Trygve Stakkeland skal stå bak kamera.
Cecilie B. Jåsund skal vere programleiar, medan Trygve Stakkeland skal stå bak kamera.
Her er eit bilete av universitetslektor Sigmund Trageton og prosjektleiar Turid Borgen.
Universitetslektor Sigmund Trageton underviser i fjernsyn, og førsteamanuensis Turid Borgen er prosjektleiar.
Her er eit bilete av Sigrid Moe, som skal vere vaktsjef på nett dei første dagane.
Sigrid Moe vil like gjerne hoppe i det, og startar som vaktsjef på nett.

FØLG UIS I SOSIALE MEDIER