Steinar Evje ny professor


Institutt for petroleumsteknologi (IPT) ved Universitetet i Stavanger har tilsett Steinar Evje (41) som professor i anvend matematikk, petroleumsfag.

Evje starta i jobben 1. februar. Tilsettinga er for fire år med moglegheit for forlenging og fast tilsetting. Stillinga er eit gåveprofessorat, finansiert av A/S Norske Shell.

Steinar Evje er dr. scient i anvend matematikk frå Universitetet i Bergen. Han har vore professor II ved Universitetet i Stavanger sidan 1. januar 2009 og drive undervisning i matematikk ved Universitetet i Bergen. I tillegg har Evje tidlegare arbeida mellom anna ved forskingsstiftinga IRIS.


Sist oppdatert av Leiv Gunnar Lie (03.02.2010)

Skriv ut artikkel print symbol