Festivalleiarar samlast til konferanse på UiS


World Event som står for sandvolleyen i Vågen kjem, det same gjer Gladmat, Humorfestivalen og Kongeparken. Måndag 8. februar samlast over 80 påmelde frå små og store festivalar til festivalleiarkonferanse på UiS.

Etter kvart som nye festivalar dukka opp som paddehattar, fekk professor Reidar Mykletun ved Norsk Hotellhøgskole ideen om ein eigen festivalleiarkonferanse. Det som i 2007 starta i det små med 13 deltakarar, hadde i fjor auka til 98. I skrivande stund er over 80 påmelde, så oppslutninga blir neppe lågare når konferansen i år blir arrangert for fjerde gong.

Ypparleg møteplass
– Me har funne på noko som vekkjer oppsikt. Festivallleiarkonferansen er ein ypparleg møteplass med moglegheit for idéutveksling og knyting av kontaktar, seier Mykletun.

Finnøybu og tidlegare NRK-mann Tor Øyvind Skeiseid skal leie dei frammøtte gjennom eit variert program. Han har òg sjølv god nytte av samlinga, for han er mellom anna drivkrafta bak Tomatfestivalen på heimplassen.

– Me festivalfolk er ofte åleine og har ikkje lønna stab. Her kan me lære av kvarandre, og eg trur mange fekk ei aha-oppleving i fjor då me blant anna tok opp beredskapsplanar, seier Skeiseid.

Fleire målgrupper
Målgruppa er dei som arrangerar og leiar festivalane, og i nokre høve handlar det òg om eigarane. I tillegg til mange lokale festivalar kjem folk frå mellom anna Voss, Kvinesdal, Flekkefjord og Valdres. Men konferansen har òg som mål å møte dei som er på ”den andre sida”.

– Me føler me har god støtte og eit godt samarbeid med vertskommunar og politi. I fjor var Bengt Rhode frå ordensavdelinga i stavangerpolitiet her, og i år kjem Stavanger kommune med fleire representantar, seier Mykletun.

Rogaland Festivalforum
Dei som er med på konferansen, blir òg med i Rogaland Festivalforum. Forumet beli til i fjor, og i styret sit Mykletun og Skeiseid saman med fire andre representantar frå festivalrogaland.

– Me veit kvar skoen trykkjer. I år skal det handle om samarbeid mellom festival og vertskommune, med særskild fokus på kommunane Haugesund, Gjesdal og Lund. Vidare skal med sjå på korleis festivalar taklar leiarskifte. Til slutt blir balansen mellom tradisjon og fornying eit tema, seier Mykletun.

Eksploderte i år 2000
Rogaland har omlag 85 årlege festivalar. Den store veksten kom rundt årtusenskiftet, og Mykletun meiner det var Cutty Sark Tall Ships Race i 1997 som endra Stavanger.

– Då alle båtane kom til byen oppdaga både politiske myndigheiter, administrasjon, næringsliv og innbyggjarar i Stavanger at me hadde ei fantastisk storstove i Stavanger sentrum som kan nyttast til evenement. No er sandvolleyen og Gladmat tunge drivarar, seier Mykletun.

Men no trur han taket for festivalar er nådd. Dei fleste vil nok klara seg òg framover, men publikum har rett og slett ikkje kapasitet til å vere med på meir.

Besøk frå Göteborg
Med på konferansen har dei òg fått Göteborg. Byen er av dei fremste på events, og her er det mykje å lære. Stavanger kommune og Göteborg har allereie god kontakt med byen i nabolandet. Dei er òg knytte til det nordiske prosjektet Nordic Innovation Center, der UiS, Universitetet i Göteborg, Universitetet i Ålborg og ETOUR (Universitetet i Östersund) er med.

Studentar på masterkurs vil ha utstilling med studiearbeid og skal etterpå skrive oppgåver om tema som blir tatt opp. Så konferansen blir integrert i undervisning, miljøet rundt og forsking.

Sjå programmet for konferansen.

Tekst: Janet Molde Hollund
 


Sist oppdatert av (01.02.2010)

Skriv ut artikkel print symbol
Her er eit bilete av ein utkledd indianerhøvding på Tomatfestivalen på Finnøy.
Ein skikkeleg leiar. Biletet er frå Tomatfestivalen på Finnøy. (Foto: Ryfylke Livsgnist)
Her er eit bilete av artist Britt-Synnøve Johansen.
Artist Britt-Synnøve Johansen kjem for å framføre «Tango på norsk». (Foto henta frå brittsynnove.no)
Her er eit bilete av initiativtakar professor Reidar J. Mykletun ved Norsk Hotellhøgskole.
Initiativtakar professor Reidar J. Mykletun ved Norsk Hotellhøgskole.

FØLG UIS I SOSIALE MEDIER