Utlysing av stipend til nordisk samarbeid


Letterstedtska föreningen gir stipend og tilskot til studiereiser, seminar, konferansar og anna nordisk samarbeid innan kultur og vitskap. Søknadsfrist er satt til 15. februar og 15 september 2010.

Letterstedtska föreningen ble etablert i 1875 på bakgrunn av ein donasjon frå generalkonsul Jacob Letterstedt. Foreininga består av ei svensk, ei dansk, ei norsk, ei finlandsk og ei islandsk avdeling.

Tilskot og stipend frå Letterstedtska föreningen gjer det mogleg å oppdatere seg fagleg, vere med i konferansar, skaffe seg informasjon og kunnskap til bruk i eige arbeid eller til beste for institusjonen. Pengane frå den norske avdelinga av Letterstedtska föreningen går for det meste til individuelle studiereiser og andre faglege reiser til eit anna nordisk land. Tilskotsstorleiken er ut frå erfaring 2 000 -12000 kr.

Ein kan og søka om midlar til større tiltak. Sjå då nærmare i den svenske utlysingsteksten frå hovudstyret for Letterstedtska föreningen i Stockholm. Spørsmål om både den norske og den svenske utlysinga kan rettast til sekretær Jan Kløvstad 91 80 82 56.


Sist oppdatert av Bjarte Hoem (07.01.2010)

Skriv ut artikkel print symbol