UiS Volley-trenar nominert til «Årets sportsnavn 2009»


Tore Aleksandersen er nominert til «Årets sportsnavn» for å ha gjort UiS Volley til eit topplag – mot alle odds. Trenaren er overraska, men nøgd.

– Eg er den einaste trenaren på lista, så litt ok er det, medgir Tore Aleksandersen.

Totalt ni namn står på lista når Rogalands Avis og SpareBank1 SR-Bank saman med lesarar skal kåre «Årets sportsnavn 2009». Mannen frå Aukra trur ikkje sjølv han vil gå av med sigeren når personar som Brede Hangeland og Camilla Herrem er blant dei nominerte. Men Aleksandersen tykkjer det er kjekt at andre set pris på arbeidet han gjer.

Påskjønning til heile klubben
– For meg er dette ei påskjønning til heile klubben og miljøet. Det er kjekt óg for Universitetet i Stavanger. Me trur resultata denne hausten har gitt UiS god PR, seier Aleksandersen.

UiS Volley har i haust spelt 12 seriekampar og vunne 11 av dei. Med ein imponerande settforskjell på 35–7 toppar dei tabellen framfor Koll på andre plass. Berre eit poeng skil dei to topplaga. Og nettopp mot Koll tapte dei i november semifinale i cupen.

– Stort potensial
– Tapa har vore litt nødvendige. Visst var det surt å tape cupkampen etter å ha vore klart best dei to første setta. Men spelarane har lært mykje i analysar etterpå. Me veit at me på vårt beste er mykje betre enn dei fleste. Det er prosessar me kan lære av. Eit ordtak seier at ”all good medicine taste bitter”, seier trenaren.

Tore Aleksandersen meiner laget i haust har stadfesta at dei har stort potensial. Nå gjeld det å utnytte og forvalte talenta godt.

– Nivået på botnen må bli så godt som mogleg. Og toppane kan bli betre. Det viktige er stabilitet, seier han.

Les meir om Tore Aleksandersen og UiS Volley i denne artikkelen.

Dei andre nominerte er: Cecilie Drabsch Norland, Eirik Tage Johansen, Dabaya Badhaso, Elisabeth Slettum, Lene Byberg, Brede Hangeland, Camilla Herrem og Juna Kaunismäki.

Tekst: Janet Molde Hollund


 


Sist oppdatert av (15.12.2009)

Skriv ut artikkel print symbol