Nye samarbeidsavtalar med CIAM


Senter for industriell teknologi og driftsleiing, CIAM, signerte fredag ein samarbeidsavtale med seks nye partnarar. No ligg alt godt til rette for samarbeid med både offshoreindustri, landbaserte selskap og andre forskingsinstitutt.

CIAM er eit samarbeidstiltak mellom Universitetet i Stavanger og mange partnarar i industri, næringsliv og forvalting. Målsetjinga til senteret er å auke verdiskaping og konkurransekraft ved å effektivisere drifta til verksemdene og forbetre styringa av prosduksjons- og prosessanlegga deira.

18 partnarar
Sidan oppstarten i 1998 har CIAM knytt til seg 14 partnarar, og då særleg frå offshoreindustrien. Fredag signerte IBM, Skretting, Kverneland og Skanem samarbeidsavtalar med senteret. Dermed er talet no oppe i 18. Dei fekk og to assosierte partnarar; Center for Safe operations in North, Universitetet i Tromsø, og Faculty of Technology, Business and Maritime services ved Høgskolen Stord/Haugesund. Vidare står Tel-Tek i Porsgrunn og Faculty og Engineering and Sciense ved Universitetet i Agder for tur.

– Det kjekke er at me no òg får med oss landbaserte verksemder saman med IBM, seier senterleiar ved CIAM, Jayantha P. Liyanage. Han meiner partnarskap er nøkkelen til suksess for ei betre framtid både for akademia og industri.

Nye partnarar betyr meir pengar til senteret og bidrar til meir verdiskaping, for partnarane betaler medlemsavgift basert på omsetninga til selskapet.

– Me jobbar for å få til ein ny arbeidsplan frå 2010 med sikte på å bli eit nasjonalt senter, seier Liyanage.

Samarbeid på tvers av fagfelt
Partane som møttest på Universitetet i Stavanger såg alle fram til å samarbeid på tvers av fagområde og få innspel frå andre selskap. Dei meinte at det er eit stort potensiale for vidare utvikling i landbasert industri, og at CIAM har ei viktig rolle her.

– Me ynskjer å vere ein del av eit forum der me diskuterer utfordringar. Det er mykje betre å gå ut og og forstå kva behov verksemdene har, enn å sijte heime og jobbe isolert. På denne måten kan me finne verdiaukande løysingar, seier regionaldirektør i IBM, Helge Kristoffersen.
 

Tekst og bilete: Janet Molde Hollund


Sist oppdatert av (01.12.2009)

Skriv ut artikkel print symbol
Her et bilde av f.v. Endre Løvås (Skanem), Rune Johansen (HSH), Egil Brastad Hansen (Kverneland), Sylvia Encheva (HSH), Erlend Sødal (Skretting), Per Arne Bjørkum (UiS), Jayantha P. Liyanage (CIAM), Kristine Lind-Olsen (UiT) og Helge Kristoffersen (IBM).
NYE PARTNARAR: F.v. Endre Løvås (Skanem), Rune Johansen (HSH), Egil Brastad Hansen (Kverneland), Sylvia Encheva (HSH), Erlend Sødal (Skretting), Per Arne Bjørkum (UiS), Jayantha P. Liyanage (CIAM), Kristine Lind-Olsen (UiT) og Helge Kristoffersen (IBM).
Her er eit bilete: Helge Kristoffersen fra IBM (t.v.) og dekan ved UiS, Per Arne Bjørkum, signerte fredag ny samarbeidsavtale.
Helge Kristoffersen fra IBM (t.v.) og dekan ved UiS, Per Arne Bjørkum, signerte fredag ny samarbeidsavtale.

FØLG UIS I SOSIALE MEDIER