Nye studieplassar skal gi betre barnehagar


Universitetet i Stavanger får midlar frå Kunnskapsdepartementet (KD) til 25 faste studieplassar for å vidareutdanne førskulelærarar.

Dei nye studieplassane blir oppretta i studiet Pedagogisk utviklingsarbeid i barnehagen (PUB).

Dei yngste borna i barnehagen vil vere fokusområde for PUB-studiet til UiS. Universitetet har god kompetanse på småbarnspedagogikk etter mange år med fordjuping på området. Studiet har også lenge vore attraktivt blant studentar.

Kompetanselyft
- Det er fyrste gong at Kunnskapsdepartementet gir UiS faste studieplassar innan vidareutdanning for førskulelærarar. Plassane skal bidra til å styrkje kompetansen hos barnehagepersonalet i forhold til dei yngste borna i barnehagen, opplyser fyrstelektor Elisabeth Ianke Mørkeseth ved Institutt for førskulelærarutdanning.

Bakgrunn for tildelinga er dei nasjonale satsingane på auka rekruttering av førskulelærarar til barnehagen og styrking av kompetansen blant personalet. KD fastsette i 2006 ein ny rammeplan for innhald og oppgåver i barnehagen. Innføringa av planen blei i vår evaluert i rapporten Alle teller mer (2009). Den viser at det er stort engasjement for å gi barn eit godt barnehagetilbod, men at det hittil har mangla eit systematisk og langsiktig fokus på kompetanseheving.

Finne nye arbeidsmåtar
Førskolelærarane skal gjennom UiS-studiet få fagkunnskap og finne arbeidsmåtar i barnehagen som støttar læringa og utviklinga til barnet. Dei skal også bli betre i stand til å planleggje og gjennomføre pedagogisk utviklingsarbeid. Eit særpreg ved studiet er det praksisnære innhaldet og at studentane involverer heile personalet.

Gode erfaringar
Rennesøy kommune har tidlegare gitt tilbodet til alle sine barnehagetilsette. Barnehagesjef Anny Hatlen i Rennesøy kommune fortel om gode erfaringar med studiet.

- Relevansen er god i forhold til kompetansebehovet vårt og vi er glad for satsinga.14 tilsette i barnehagane våre tok eksamen i mai år, seier ho.

Rogaland fyrst ut
I fyrste omgang er studiet eit samarbeid med nokre kommunar i Rogaland, men i 2011 blir studiet lyst ut på vanleg måte.

- Målet er at dette skal gi betre kvalitet i barnehagane i Rogaland, fastslår Mørkeseth.


Sist oppdatert av (02.11.2009)

Skriv ut artikkel print symbol
Bilete av Elisabeth Ianke Mørkeseth
- Dei nye studieplassane skal bidra til å styrkje kompetansen i forhold til dei yngste borna i barnehagen, seier fyrstelektor Elisabeth Ianke Mørkeseth ved Institutt for førskulelærarutdanning ved UiS.

FØLG UIS I SOSIALE MEDIER