Kulturrådet kjøper Foss-bok


Norsk kulturråd kjøper inn 1000 eksemplar av seniorforskar Øyvind Foss si bok om krystallnatta. Boka blir dermed å finne i norske bibliotekhyller.

Foss sjølve set stor pris å at hans siste utgiving blir tilgjengeleg for eit større publikum. Han meiner at boka har eit språk som skal vere forståeleg for alle, og at difor også unge målgrupper kan ha glede av ho.

Boka har fått gode kritikkar og Vårt Land skriv at Krystallnatten gir eit ”glitrande og grufullt innsyn i opptakten til Holocaust” og at den inneheld ”mykje som dei fleste av oss ikkje visste frå før”.

No skal boka oversettast og gis ut på eit svensk forlag.

Enkel, men kritisk
- Når ein skriv sakprosa, kan språket ofte bli så akademisk og filosofisk at forfattaren ikkje når frem. Krystallnatten er skriven for eit meint publikum, men på forskingsbasis. Samtidig er dette ei intellektuell og kritisk bok. Det er nemleg mogleg å vere enkel og intellektuell på ein gong, påpeiker Foss.

Boka ”Krystallnatten” inneheld nye opplysningar om kva som hende dagane før natta som markerte ei dramatisk opptrapping i jakta på jødane. 7. november 1938 gjekk den 17 år gamle polske jøden Herschel Grynszpan inn i den tyske ambassaden i Paris og skaut legasjonssekretæren Ernst vom Rath. Rath og guten kjende kvarandre, men drapet blei frå første stund utnytta politisk.
Mørk natt
To netter seinare stod over 1000 synagogar i brann over heile Tyskland og Austerrike. ”Krystallnatten” blei den mørkaste natta i jødeforfølginga si nyare europeiske historie.

Innkjøpsordningane til Kulturrådet vart etablert på 1960-talet. Frå fyrst å berre omfatte skjønnlitteratur, finnast det i dag ordningar for ei rekkje genrar. I klassen for sakprosa, som omfattar Foss si bok, kjøper Kulturrådet årleg inn 20 prosent av titlane som forlaga foreslår. Dette utgjer 70 til 80 titlar årleg.
 


Sist oppdatert av (02.11.2009)

Skriv ut artikkel print symbol