Kjønnsforsking til havs


Nettverk for kjønnsforsking ved Universitetet i Stavanger engasjerer seg i å få fleire kvinner inn i maritime næringar.

Nettverket var denne uka medarrangør for ein tverrfagleg konferanse på Høgskulen Stord-Haugesund (HSH). Det er første gangen nokon på dette viset samlar kreftene for å få fleire kvinner inn i næringa.

Mannsbastion
Arrangementet hadde tittelen ”Maritim næring – den siste mannsbastion?” og gjekk føre seg i Haugesund. Konferansen blei arrangert av UiS i lag med fleire sentrale aktørar i maritim sektor. Både HSH, Sjøfartsdirektoratet og VRI Rogaland var med.
Gjennom foredrag og ordskifte blei det peikt på ulike vegar og tiltak for å få fleire kvinner inn i den maritime næringa. Wenche Mühleisen frå Universitetet i Stavanger heldt innleiingsforedrag.

Saknar forsking
Konferansen har vekt merksemd fordi det ikkje finst forskingsbasert kunnskap om feltet. Den førebelse konklusjonen er at meir kunnskap, auka forsking, endra haldningar og betre tilrettelegging er rett veg for å få fleire kvinner inn i den maritime næringa.


Sist oppdatert av Leiv Gunnar Lie (23.10.2009)

Skriv ut artikkel print symbol