Lydopptak av Øyvind Foss sin bokpresentasjon


Øyvind Foss presenterte si nye bok "Krystallnatten" på tysdag. Foredraget med kommentarar blei teke opp, så dersom du gjekk glipp av det , eller vil høyra det om att, er dette no mogleg.

Bokpresentasjonen til tidlegare prorektor Øyvind Foss på tysdag (13. oktober) blei ein interessant og tankevekkjande time i biblioteket sin underetasje. Foss presenterte si nye bok "Krystallnatten", utgjeven på forlaget Spartacus. I denne boka gjennomgår han detaljert opptakta til den verste etniske reinsinga nokon sinne, Krystallnatta i november 1938. Det er ei rystande historie, og som både Foss og kommentator Hans-Jørgen Wallin Weihe understreka: Den er meir aktuell og seier meir om vår eiga tid enn vi helst vil innrømme.

Dersom du ikkje fekk med deg denne seansen, eller dersom du var til stades og vil høyre det om att, er det no mogleg. Du kan høyre presentasjonen på datamaskina di ved å klikke på lenkja under og vidare på "Foss.mp3". Presentasjonen med kommentarar varer i ca. 38 minuttar.

Dersom du ønskjer å laste ned presentasjonen, og til dømes laste den over på ein Mp3-spelar eller brenne den på ein CD, kan du høgreklikke på "Foss.mp3" og velge "Lagre mål som". Då blir fila lagra på maskina di, og du kan høyre ho slik det passar deg. Fila er på ca. 35 MB.



HØYR ØYVIND FOSS SIN BOKPRESENTASJON HER


På denne sida er det mogleg å abonnere på bokpresentasjonar som RSS. Klikk på "Abonner på denne feeden" øverst på sida dersom du ønskjer det.

Som du vil sjå ligg også Svein Tuastad sin bokpresentasjon frå ein månad sidan her, så den kan du også få med deg dersom du gjekk glipp av han.


Sist oppdatert av John David Didriksen (28.10.2009)

Skriv ut artikkel print symbol