TV-aksjonen: Spelar for å hjelpe andre


Studentar og tilsette ved Institutt for musikk og dans går saman om å samle inn pengar til TV-aksjonen. Konserten finn stad tysdag 13. oktober kl. 19.30 i Lille konsertsal.

På konserten, som arrangerast for fjerde året på rad, får publikum eit godt innblikk i kva som røyrer seg ved Institutt for musikk og dans (IMD). Publikum kan sjå fram til både klassisk musikk, jazz og dans.

Inntektene frå TV-aksjonen går i år til CARE, ei av verdas største hjelpeorganisasjonar, som jobbar spesielt mot jenter og kvinner. De rammast hardare av fattigdom, naud og diskriminering, men hjelp til kvinner er å hjelpe fleire. Metoden CARE bruker er spare- og lånegrupper. Dette er små, lokale sparebankar, åtte og drive av kvinnene sjølve. Dei innsamla midla vil mellom anna gå til prosjekt i Mali, Niger, Uganda, Rwanda, Sri Lanka og Burma. Sjølve aksjonen finn stad sundag 18. oktober.

Dans, jazz og verdskjend sopran
Seks dansarar vil dansa til musikk av Vivaldi og Bach, medan Kosmonaut står for jazzinnslaget denne kvelden. Sistnemnde hentar inspirasjon frå her og der i verda, og blanda saman med jazz gir dette eit drivande og til tider ganske rocka uttrykk. På Maijazz i vår sto dei på scenen med Nils Olav Johansen frå Farmers Market som gjest. Bandet viste også kva dei er gode for under semesteropninga i Tjodhallen i august.

Men ikkje minste får publikum sjansen til å høre den verdskjende sopranen Elizabeth Norberg-Schulz, som også er professor ved UiS. Saman med pianist og professor Erling R. Eriksen framfører ho musikk av Puccini og Gastaldon.

Unge gitartalentar
Forutan desse deltek også fire gitaristar frå talentutviklingsprogrammet Unge musikere. Programmet vert styrt frå IMD, saman med Kulturskulen i Stavanger. Dei unge musikarane gjorde stor suksess ved Egersund Kammermusikkfestival i starten av oktober.

Det er gratis inngang på konserten, men det blir sjølvsagt mogleg å gi eit bidrag til TV-aksjonen.

Fyrsteamanuensis Gisela Herb oppmodar publikum til å få med seg ein spanande konsert og samtidig støtte ein god sak.

- Eg er veldig stolt over at både studentar, kollegar og unge musikktalentar samarbeider om denne konserten. Det er flott at det finst eit sosialt engasjement gjer dette mogleg, seier ho.

Bli bøsseberar
TV-aksjonen CARE treng bøsseberarar. Du kan registrere deg på www.tvaksjonen.no, ringje 02025 eller sende tekstmelding ”TVA” til 2080.

Sjå konsertprogrammet (pdf - 2,3 mb)
 


Sist oppdatert av (09.10.2009)

Skriv ut artikkel print symbol