Nytt nummer av UniverS


I det nye nummeret av UniverS kan du lese ein kronikk av rektorane ved universiteta i Stavanger og Agder, der dei tek til orde for ei auking av staten si grunnbevilling til dei to universiteta i sørvest. I dette nummeret presenterer vi også mykje om forskinga ved UiS, samt fleire nyskapingar innan undervisning.

Ein viktig sak for Universitetet i Stavanger er Midtlyngutvalet sin rapport om det spesialpedagogiske felt i Noreg, kor dei foreslår tiltak som skal betre heile tiltakskjeda for barn med lære- eller åtferdsvanskar. Sjølv om Senter for åtferdsforsking og Lesesenteret har sentrale roller på desse fagområda, er dei berre nemnd i nokre få passasjar i rapporten. I eit intervju i dette nummer av UniverS kritiserer senterleiarane Unni Vere Midthassel og Ragnar Gees Solheim rapporten. Dei finn seg ikkje i å vere usynlege når framtidas tiltak innan spesialpedagogikk skal utformas.

Nyskapingar ved UiS
Vidare kan du lese om Greenbook Digitalforlaget. Dei har nyleg kome med ei digital lærebok i naturfag som dei no får testa ut hos elevar i vidaregåande skolar. UniverS har også ein artikkel om to bachelorstudentar som har brukt så mykje tid i laboratoriet at dei har lukkast med å publisere ein vitskapleg artikkel om protein i plantar.

CSI Stavanger er ein realitet: For andre år på rad kan Universitetet i Stavanger tilby eit kurs i rettsgenetikk som det første eksamenskurset i Noreg. Samstundes blir ”annleis”-tenkinga blant studentane oppmuntra ved dekan Per Arne Bjørkum si bok om nyskaping og kreativitet i vitskapen si historie – Annerledestenkerne. Bjørkum underviser i vitskapsteori for bachelorstudentane ved Det teknisk-naturvitskaplege fakultet.

Forskingskappløp
UniverS presenterer også ein sak om forskarar i IRIS Biomiljø som no er i ferd med å utvikle ein metode for å bestemme kjønn under avl. Lukkast dei, vil dei kunne lage nye produkt i multimilliardmarknaden. Industri og næring ventar spent på resultatet. Det gjer vi òg.

Du kan vidare lese om nykommaren Måltidets hus og om forskarar og kokkar som eksperimenterer seg fram til nye matrettar og serveringsmåtar. Vidare kan du lese om kva som må til for at teknologi og nyvinningar skal kunne få fotfeste i Bygde-Noreg.

I dette haustnummeret blir Anna S. Songe-Mølle portrettert og kulturhovudstadsåret utforska. Ein annan artikkel fortel om korleis kvinnelege komponistar har vorten heilt gløymd i musikkhistoria. No er dei forska fram i lyset igjen. Hamsun, dans og norsk politikk er andre tema i dette siste nummer av Universitetet i Stavanger sitt eksernmagasin. 

Les siste nummer av UniverS. 

Sjå fleire nummer av UniverS. 
 


Sist oppdatert av Leiv Gunnar Lie (12.10.2009)

Skriv ut artikkel print symbol