Forum for barnehagevitenskap hausten 2009


Forum for barnehagevitenskap er eit tverrfagleg profesjonsfellesskap innan barnehagefeltet.

22. september kl 1215- 14.00
Musikkopplevelse som muligheter for følelseskunnskap - et vitenskapsteoretisk og metodisk perspektiv
Torill Vist

I samband med doktorgradsprosjektet med same namn, vil Torill Vist presentere sin fenomenologisk inspirerte tilnærming til emnet og vise korleis tilnærminga også hentar inspirasjon frå andre retningar og blir ståande "mellom fleire vitskapsteoretiske prototypar". Ho vil vidare også utdjupe dei empiriske metodane og drøfte problematikk knytt til dette.

20. oktober kl 12.15-14.00
Læring er bare å ta trinn for trinn, det er et lagt steg fra begynnelse til slutt
Anita Berge
Anita Berge presenterar si eiga forsking i eitt prosjekt om samarbeidet mellom førskule og skule


17. november kl 12.15-14.00
Reidar Mosvold og Janne Fauskanger

Reidar Mosvold og Janne Fauskanger presenterer ei ny bok, der Reidar Mosvold, Janne Fauskanger og Elin Reikerås er redaktørar. Boka har fokus på rekning i tilknyting til ulike tema og fagområde i Kunnskapsløftet. Dei vil gi ein presentasjon av boka med særleg vekt på dei delane som er relevante i forhold til overgangen barnehage-skule, og vil diskutere aktuelle utfordringar for forskinga vidare på dette området.

8. desember kl 12.15-14.00
Karin Berner

Med blikk på den subjektive opplevinga til eit individ av samlivsbrotet og den påfølgjande endra buforma. Korleis samsvarer denne opplevinga med slik individet trur dei nærmaste opplevde same situasjon og slik individet skulle ønskje det var?

Om forumet

Formålet med Forum for barnehagevitenskap er å skape ei plattform for kunnskapsutvikling vedrørande barn og barndom i, og i tilknyting til, ulike institusjonar og arenaer i samfunnet. Det blir særleg lagt vekt på fleirdisiplinær forsking og systematisert erfaring innan barnehagefeltet, sett frå perspektivet til aktørar i barnehagen, samt frå eit samfunns- og utdanningsperspektiv.

Forum for barnhagevitenskap er ope for alle interesserte, men vil vere tilknytt Institutt for førskuleutdanning som ein del av oppbygginga av eit forskarmiljø og eit programområde.
 


Sist oppdatert av (28.09.2009)

Skriv ut artikkel print symbol