På jakt etter svart gull i Tjodhallen


I to dagar var Tjodhallen ved UiS gjort om til eit stort oljeleitingsområde. 180 elevar frå vidaregåande skular i Rogaland konkurrerte om å bli dei beste i det interaktive simuleringsspelet Petro Challenge.

- Deadline er klokka 10.30, om ein halv time. Eit par lag har allereie tapt ein del pengar, seier konferansier Mark Ward over høgtalaren i Tjodhallen.

Salen er full av små grupper med ungdommar frå vidaregåande skular. Tre og fire sit i lag med datamaskinar føre seg, djupt konsentrerte om å leita etter olje. Simon Kro, Nikolai Mergaard Jensen, Bernt André Krogstad og Aleksander Langåker utgjer eitt av laga frå Stavanger offshore tekniske skule.

Maksimal utteljing
- Me ser på bergartane. Grøn farge er bra, raudt betyr at det er tørt, forklarar gutane. Dei tolkar seismiske kart, og legg inn bod på lisensar dei trur kan gje god avkasting. Ikkje mindre enn 200 millionar dollar har kvart lag til disposisjon. Så gjeld det å få pengane til å yngle. Dei som har størst gevinst vinn.

Akkurat nå har laget brukt tre millionar dollar og tapt fire. Ut frå resultata ligg dei langt nede på tabellen, men dei ottast ikkje for det. Pengane er brukt til investeringar som dei håpar vil gje gevinst utover dagen.

Nasjonal konkurranse
Petro Challenge er ein nasjonal konkurranse, og går i år av stabelen for femte gong. Det interaktive simuleringsspelet er eit samarbeid mellom Rogaland Fylkeskommune og Oljeindustriens Landsforeining, OLF.

- Me vil bidra til meir kunnskap om Noregs viktigaste næring. Sjølv om folk i Rogaland veit mykje om olje- og gassverksemd, er ikkje kunnskapane på landsbasis gode nok. Dette er eitt av fleire tiltak for å skape interesse blant elevar, seier Odd Naustdal, informasjonssjef i OLF.

Samstundes er innhaldet i spelet knytt opp mot læreplanen i Kunnskapsløftet. Elevane får trening i mellom anna geofag, geografi, engelsk, naturfag og engelsk.

På St. Olav neste veke
Odd Naustdal er spent på om Rogaland igjen kan vinna konkurranse. Ein må nemleg tre år tilbake før ein finn ein rogalandsvinnar. I fjor vant Vest-Agder, året før gjekk sigeren til Møre og Romsdal. Den nasjonale finalen er i januar i Stavanger.

Men før den tid skal det vera ein til konkurranse i Stavanger neste veke. Då samlast endå fleire elevar på St. Olav vidaregåande skule.

- Me gler oss også til den konkurransen. Men det spesielle her i Tjodhallen, er at alle er på eitt brett slik at me får ein følelse av happening.

 

Spennande
- Skal me satsa 30 000 på alle? Skal me skriva 617 eller 647 øvst?

Diskusjonen går livleg for seg mellom førsteklassingane Live Idland, Jenny Rogdo og Line Nyborg frå Kongsgård skule. Det er berre minuttar igjen til neste deadline, og dei må ta ei viktig avgjerd. Ein god lisens kan gje gode pengar i potten utover dagen.

Alle tre er dei svært nøgde med å ha to dagar avbrekk frå vanleg skule. Seier sjølv at dei blir heilt gira, men trur samtidig ikkje at dei kjem til å enda opp med jobb i olja.

- Me fekk 617, jublar plutseleg jentene.

Dei får tilslag på feltet dei hadde lagt inn bod på. Visst engasjerer spelet. Resten av dagen blir ein kamp for å sikra seg gode posisjonar. Og kanskje ein siger.


Tekst og foto av Janet Molde Hollund
 


Sist oppdatert av (23.09.2009)

Skriv ut artikkel print symbol
Her er eit bilete av Bernt Andre Krogstad, Nikolai Mergaard Jensen og Simon Kro som tolkar seismiske kart.
Seismiske kart må tolkast skikkeleg før dei legg inn bod. F.v. Bernt Andre Krogstad, Nikolai Mergaard Jensen og Simon Kro.
Her er eit bilete av Live Idland, Jenny Rogdo og Line Nyborg som nettopp har fått lisensen dei la inn bod på.
Konferansier Mark Ward besøker f.v. Live Idland, Jenny Rogdo og Line Nyborg som nettopp har fått lisensen dei la inn bod på.

FØLG UIS I SOSIALE MEDIER