Livleg på forskingstorget


Laurdag myldra born og vaksne på Forskingstorget utanfor Rosenkildehuset i Stavanger sentrum. Dei fekk mellom anna ta på krabbar, blåse såpebobler og høyre korleis auga våre rører seg når me les.

Komikar og skodespelar Vegar Hoel skapte liv og røre heilt frå starten, då han samla borna som var til stades. Ved hjelp av dei små, testa han ut hypotesen om at alle gode ting er tre. Etter å ha blitt klapsa på handa tre gonger av ei jente – og i tillegg prøvd å ete eit blad frå eit tre, kunne han slå fast at alle gode ting så visst ikkje er tre. Hoels måte å forklare kvifor kupromp er dårleg for miljøet, gjorde også lykke hos borna.

Ta på krabbane
Det var også bra engasjement i dei enkelte utstillingtelta. Mange flokka seg rundt akvarietankane til forskar Atle Fiskå ved biomiljøavdelinga på forskingsinstituttet IRIS. Der kunne dei sjå sjøstjerner, sjøpølser, kråkebollar og ulike krabbar.
– Her kjem folk i alle aldrar og då viser eg dei kva som finnes i farvatna her. Mange har ikkje sett desse skapningane før. Spesielt borna blir begeistra, og vil gjerne ta på dei. Dette er ein takknemleg jobb, seier Fiskå nøgd.

Leseforsking
Universitetet i Stavanger var representert ved Lesesenteret og Arkeologisk museum. Lesesenteret demonstrerte teknologien dei brukar for å forske på korleis folk les. Ei skyggelue påmontert elektronisk utstyr les av korleis auga beveger seg når du les ei avis, ei bok med illustrasjonar eller musikk på eit noteark. Arkeologisk museum lærte barn å sette sammen potteskår og støpe mynter.
Misjonshøgskulen var og til stades og fortalde om misjonsarbeid og ulike kulturar. Fagforbundet Tekna kunne mellom anna by på blåsing av såpeboblar. Vitenfabrikken var også med.

Forsking i kvardagen
Det var prorektor ved UiS, Egil Gabrielsen, som fekk æra av å opne Forskingstorget.
– Meininga med Forskingsdagane er å vise fram noko av den spennande og mangfaldige forskinga som går føre seg – på høgskuler og universitet, på forskingsinstitutt og i føretak, på bibliotek og i museum. Forskingsdagane skal vise oss korleis forsking er blitt ein del av kvardagen på stadig fleire felt, sa Gabrielsen frå podiet.

Stort program
Laurdagens arrangement var det første av to Forskingstorg i samband med Forskingsdagane 2009. Det andre går føre seg utanfor Vitenfabrikken i Sandnes laurdag 26. september. Ei lang rekkje andre arrangement går føre seg i regi av Forskingsdagane.

 


Sist oppdatert av Leiv Gunnar Lie (23.09.2009)

Skriv ut artikkel print symbol