Styret vedtok omstilling


Alle sakene på styremøtet ved UiS torsdag 17. september 2009 blei vedtatt med mindre merknader.

UiS vil i 2009 ha eit overforbruk på statsløyvinga, førebels prognostisert til 15 millionar. Ut i frå ein totalramme på ein milliard for UiS kan dette synast lite, og hadde det vore eit eingongsfenomen ville det ha vore handterleg. Diverre er det ein del av ein trend som vil gi stadig større overforbruk i åra framover, ut frå Økonomi-og verksamdavdelinga sine prognosar. Aktiviteten til er for høg etter dei rammer departementet gir, heiter det i sakspapira. Det visest til at det kan vere mange forklaringar på korleis dette har oppstått, men at hovudgrunnen truleg er at den faglege aktiviteten som er tufta på universitetet sin strategi har vakse for fort.

Styret vedtok i dag å starte prosjektet "Balansert omstilling for utvikling" for å kome i økonomisk balanse og betre tilhøvet mellom faste kostnadar/lønn og ”frie driftsmidlar”. Prosjektet vil omfatte ei rekkje tiltak der direktøren og hans stab i samarbeid med dei einskilde einingane vil leggje til rette for ikkje berre budsjettbalanse, men ein god balanse som gir betre ressurs- og arbeidstilhøve og gradar av fridom for strategiske val og utvikling av aktiviteten.

- Prosjektet inneber eit strukturert og planmessig omstillingsarbeid, sa universitetsdirektør Per Ramvi i si innleiing.

Medeigarskap viktig
I saka blir det understreka at det er viktig at alle får ei felles forståing for alvoret og blir medeigarar i prosjekta. Det vil difor bli utvikla prosjekt kor utgangspunktet er analysar til den enkelte eininga. Dei vil her sjølve sjå på kva som er uheldig, og kva som er gode tiltak. Ansvaret ligg i leiingslinja, men det er eit ynskje at prosjektgrupper skal bidra med aktivitetar som kan etterprøvast. Medverknad på tvers av nivå og einingsgrenser som støtte for leiarane er og ynskjeleg. Styret vil kvart tertial få rapport om tiltak og effektar.

Arbeidsdeling i leiinga
I oppfylginga av varslingssaka på styremøte før sommaren er avklaring av arbeidsdeling mellom rektor og universitetsdirektør tatt opp under tiltaksplan. Styret fikk i dag lagt fram forslag til ein vidareutvikla framstilling av tilhøvet av forholdet mellom styre, rektor og universitetsdirektør. I samband med førebuinga til denne saka, blei Kunnskapsdepartementet kontakta om forståinga av universitets- og høgskulelova med omsyn til dette tilhøvet. Dette resulterte i at KD i august sende eit brev som seier at styret snarast skal fastsette instruks for den daglege leiinga til institusjonen.

På møtet tok styret brevet frå Kunnskapsdepartementet til etterretning. Dei sette ned eit utval, som med utgangspunkt i utkastet til rektor, skal legge fram eit forslag til instruks for daglig leiing ved UiS for styret til neste styremøte i oktober.

Styret slutta seg til eit forslag frå styremedlem Bjørn Kvalsvik Nicolaysen om å la utvalet gjennomgå punkta i forslaget for å sikre einigheit før neste styremøte.

Utvalet skal, forutan Kvalsvik Nicolaysen, bestå av styreleiar/rektor Aslaug Mikkelsen (leiar av komiteen), styremedlem Gunnar Berge, 1. studentrepresentant (frå styret, evt. frå StOr). universitetsdirektør Per Ramvi, dekan Tor Hauken (Hum-fak), fakultetsdirektør Lone Litehamar (SV-fak) og Eirik Kårstad (Tekna; foreiningane kan ev. bli einige om ein annan representant).

KD-møte
Etatsstyringsmøtet med Kunnskapsdepartementet blei i år avvikla 22. juni. Dialogen mellom departementet og UH-institusjonane er ei årleg hending og er den anledninga myndigheitene og institusjonane har til ein systematisk samtale om mål, resultat og gjensidige forventningar.

I brevet står det at UiS i større grad må setje seg realistiske mål.

- KD etterlyser betre samsvar mellom mål og resultat. Det står og at UiS må klare seg med dei noverande løyvingane frå KD. Studentgjennomstrøyminga må styrkast og ein etterlyser meir utgåande studentmobilitet, sa rektor Aslaug Mikkelsen i si orientering til styret.

Kalvig ut av styret
Marit Kvamme og Petter Furan er dei nye representantane til studentane og møtte for fyrste gong. For styremedlem Siri Kalvig var møtet i dag det siste. Ho er tatt opp som doktorgradsstudent i offshoreteknologi som den fyrste nærings-ph.d. ved Universitetet i Stavanger, og valde difor å trekke seg frå vervet.

På styremøtet blei tre tilsette kreert til graden philosophiae doctor. Hildegunn Fandrem, Britt Sætre Hansen og Kristin Akerjordet har no ph.d.-graden.

Her finn du innkalling og saksdokument frå styremøtet 17. september 2009

 


Sist oppdatert av Hildegard Nortvedt (18.09.2009)

Skriv ut artikkel print symbol