Forskingsdagar med Darwin og økologihumor


19. – 27. september får siddisar og sandnesgaukar igjen sjansen til å oppleva forsking på nye og spennande måtar. Årets forskingsdagar i Stavanger og Sandnes blir større enn nokon gong før.

Fjorten år har gått sidan forskingsrådet i Noreg for første gong tok initiativ til å arrangera forskingsdagar. Menneske i alle aldrar og frå alle samfunnslag skulle få høyre om og oppleve forsking, og institusjonar prøvde å visa fram det dei heldt på med på nye og spennande måtar.

Nå er ”Forskingsdagane” ein nasjonal årleg festival, og i fjor var det over 1000 arrangement i heile landet som presenterte forsking på utradisjonelt vis. Regionansvarleg for ”Forskingsdagane”, Suvada Veledar, kan i år presentera det største programmet nokon sinne. Fleire enn 50 forskarar vil vera med på til saman 25 arrangement, som omfattar alt frå forskingstorg og økologihumor til undringstime og forskerstandup.

Ungdomsuniversitet
I fjor var barneuniversitet eit flunkande nytt tilbod, kor barneskuleelevar fekk høyra spennande foredrag av ”forrektige” universitetstilsette. I år blir dette tilbodet utvida med ungdomsuniversitet.
- Hit kjem 240 ungdomsskuleelevar for å høyra Jens Haga frå Universitetet i Oslo fortelja om ”Darwinekspedisjonen”, seier Veledar.
Saman med to andre norske biologar reiste Haga vinteren 2009 i Sør-Amerika på kryss og tvers. Målet var å oppleva noko av det same som den britiske vitskapsmannen Charles Darwin gjorde på si reise for 170 år sidan.

Ønskjer rekruttering
Kanskje er eit slikt møte det som skal til for å vekka nysgjerrigheita hos ein ungdom, slik at han eller ho seinare får lyst til å velja  ei utdanning som fører til forsking. For det er ifølgje Veledar nettopp dette som er føremålet med heile festivalen. Og med smakebitar frå tolv ulike institusjonar sitt arbeid, skulle alt ligga til rette for å bli inspirert.
- Me har noko for alle aldrar. Barnehagebarn skal vera med i eventyropptog, barne- og ungdomsskuleelevar får universitet. I år får også studentar ved UiS sin eigen ”undringstime”, kor doktorgradstipendiatar skal halda spennande foredrag, fortel Veledar.

Forskarstandup
Forskarstandup på ”Cafe Sting nere” er også eit populært tilbod. Konseptet blei til i Stavanger i 2000, og har sidan spreidd seg til heile landet. I løpet av tre kveldar skal 18 forskarar opp på scena for å halda eit poengtert foredrag på eit kvarter. Hjelpemidla er berre mikrofon og ein krakk, om ikkje dei og har ein illustrerande effekt på innerlomma.

Researcher’s night 
Under ”Researcher’s night” fredag 25. september, står forskarar i heile EU på podiet samstundes. Tema i år er ”Mellom himmel og jord”, og arrangementet finn stad i Sandnes og Vitenfabrikken.

Tekst av Janet Molde Hollund

 

 

 

 

 

 


Sist oppdatert av (22.09.2009)

Skriv ut artikkel print symbol
Her er eit bilete av Suvada Veledar, som er regionansvarleg for "Forskingsdagane 2009".
Suvada Veledar er regionansvarleg for "Forskingsdagane 2009".
Her er logoen for "Forskningsdagene".
Forskingsdagane
  • Forskingsdagane blir i år arrangert for femtande gong
  • Årets festival går av stabelen 19. - 27. september
  • Noregs forskingsråd i samarbeid med universitet, høgskular, forskningsinstitutt, biblioteker, museum og næringsliv står bak
  • Arrangementa er gratis for publikum