Mikkelsen inn i viktig utval


Rektor Aslaug Mikkelsen er vald inn i utvalet som skal sjå på ressursforvaltninga innan høgare utdanning i Noreg.

Det er forskings- og høgare utdanningsminister Tora Aasland som har oppretta utvalet. Ho har registrert at universitet og høgskular slit med manglande handlingsrom, trass i at løyvingane til sektoren har auka dei siste seks åra.

Gode spørsmål
Utvalet skal leiast av Marianne Harg, presidenten i fagforeininga Tekna og vil elles bestå av medlemer frå universitetsmiljøa i landet. UiS-rektor Aslaug Mikkelsen skal blant anna vere ein stemme for dei mindre og nyare universiteta. Ho meiner at departementet stiller mange gode spørsmål.

Handlefridom
– Det blir blant anna viktig å sjå på kva handlefridom universiteta har og kva avgrensingar som finst. Kan det for eksempel tenkjast at auka rapporteringskrav frå departementet og andre administrative oppgåver et opp ressursar som skulle gått til forsking og undervisning, spør Mikkelsen.

Her er den komplette lista over medlemene i utvalet:
President i Tekna, Marianne Harg (leiar)
Adm. dir. Paul Chaffey, Abelia
Rektor Sigmund Grønmo, UiB
Adm. dir. Arvid Hallén, Forskingsrådet
Prorektor Guri Hjeltnes, Handelshøgskolen BI
Bjarne Hodne, Forskerforbundet
Rektor Inger Aksberg Johansen, Høgskolen i Harstad
Prorektor Berit Kjeldstad, NTNU
Rektor Aslaug Mikkelsen, UiS
Leiar av Norsk studentunion, Anne Karine Nymoen
Rektor Ole Petter Ottersen, UiO
Forskingsleiar Stig Slipersæter, NIFU Step

Les departementet si melding om å styrkje sektoren sitt handlingsrom her.
 


Sist oppdatert av Leiv Gunnar Lie (17.09.2009)

Skriv ut artikkel print symbol