Fyrste kiropraktorkurs på UiS


UiS Pluss har arrangert sitt fyrste kurs for kiropraktorar. Dette er eit viktig steg mot kiropraktorutdanning ved Universitetet i Stavanger.

Det to dagar lange kurset fann stad fredag 4. og laurdag 5. september på UiS. Tilstades var rundt 20 kiropraktorar og kiropraktorassistentar som rettleiar turnuskandidatar. Det var lagt opp til eit tredelt kursopplegg med parallellsesjonar.

Det er fyrste gongen at Norsk kiropraktorforening (NKF) og UiS samarbeidar om kursopplegg. UiS Pluss, universitetet si avdeling for kurs, etter- og vidareutdanning, hadde ansvar for gjennomføringa.

UiS og Stavanger Universitetssjukehus har i fleire år arbeidt for å etablere ei utdanning i Stavanger. Også kiropraktorforeininga støttar planane.

- Me håpar at det nye kurskonseptet er fyrste steg mot ei kiropraktorutdanning ved Universitetet i Stavanger. No er målet å samle all etterutdanning for kiropraktorar på UiS. Me ynskjer difor å knytte sterkare band mellom foreininga si etterutdanning og UiS Pluss, fortel NKF-leiar Øystein Ogre

Merkedag
Dekan Marit Boyesen ved Det samfunnsvitskaplege fakultet ynskja deltakarane velkomen. Ho legg ikkje skjul på at dette er symbolsk for UiS.

- Dette er ein merkedag. Me håpar at dette tiltaket blir eit fundament for ei framtidig utdanning. Me skal vise at det er nyttig økonomisk å halde dei norske kiropraktorstudentane heime i Noreg, understrekar Boyesen.

Utanlandsk nettverk
Direktør Marit Brandal Karlsen i UiS Pluss er nøgd med å kunne tilby kursa.

- For oss er det dette svært interessant, mellom anna fordi me kjem i kontakt med utanlandske institusjonar som tilbyr kiropraktorutdanning, seier ho.

Om kort tid reiser UiS Pluss saman med kiropraktorforeininga til Syddansk Universitet i Odense i Danmark for å sjå nærare på deira kursopplegg.

Bygg fagmiljø
Stavanger Universitetssjukehus og UiD har gjort mykje for å byggje opp eit fagmiljø innan kiropraktikk:
• Som fyrste institusjon i Noreg lyste UiS i 2008 ut to stipendiatstillingar innan kiropraktikk. Begge er no på plass og skal delta i to store forskingsprosjekt om rygg- og bekkensmerter hos gravide. Prosjekta blir leidde av professor Jan Petter Larsen ved Nasjonal kompetansetjeneste for bevegelsesforstyrrelser (NKB) ved SUS.
• I fjor vedtok UiS også at det skal opprettast ein professor II-stilling som skal knytast til doktorgradsarbeidet i kiropraktikk.
• 1. januar 2009 starta kiropraktor Knut Andersen opp i ei 40-prosentstilling ved SUS, underlagt nevrokirurgisk avdeling. I mars blei det etablert ein tverrfagleg ryggseksjon, som tek hand om alle pasientar som ikkje kan, eller ikkje skal, ryggopererast.

(Publisert 8. september 2009)


Sist oppdatert av Leiv Gunnar Lie (07.07.2015)

Skriv ut artikkel print symbol