Ex.paed.-suksess


64 bachelorstudentar har møtt på forelesing og skrive seg på lista over at dei skal følgje det nye ex.paed.-studiet som Det humanistiske fakultet no tilbyr. Det lovar godt for det annonserte lektorprogrammet.

Instituttleiar ved Institutt for kultur- og språkvitskap Marie Smith-Solbakken og leiar for det komande lektorprogrammet Brit-Helen Russdal-Hamre gleder seg over dei gode tala. 64 av dei 90 bachelorstudentane har vald ex.paed. i staden for ex.fac. denne hausten.

Ex.paed. er den første tredjedelen av pedagogikkfaget i PPU, resten av pedagogikken ligg i tredje året i lektorprogrammet. Undervisninga er samkjørt mellom ordinære PPU-studentar og BA-studentar som har vald ex.paed. Studentar som har tatt ex.paed. det første året i BA-studiet, kan gå rett inn i andre året i lektorprogrammet frå hausten 2010, dersom programmet blir godkjent av Utdanningsutvalet.

Aud Torill Meland har undervist i pedagogikk sidan 1995. Det er første gong ho har hatt så mange studentar i salen.

- Det er artig at så mange er positivt innstilt til faget, seier ho.

BA-student i historie Mari Gilje-Sørnes valde bevisst ex.paed. framfor ex.fac.

- Eg vil inn på lektorprogrammet og ønskjer å utdanne meg som lærar, er hennar enkle forklaring på kvifor ho sit i forelesningssalen.

– Dette er ein suksess. Vi har nesten ikkje annonsert for det nye ex.paed.-studiet. Likevel tek over to tredelar av bachelorstudentane dette faget. Det vitnar om at dei kanskje tar sikte på å bli lektorar, seier Smith-Solbakken.

- Dette er ein ”flying start” for det nye lektorprogrammet, meiner Brit-Helen Russdal-Hamre.

- Ei av innvendingane mot å starta opp lektorprogrammet har vore at studentane kanskje ikkje vil binde seg for så mange år. Eg trur desse tala fortel at dei ikkje er så redde for det likevel. Det er veldig kjekt, seier Russdal-Hamre.
 


Sist oppdatert av Karen Anne Okstad (07.09.2009)

Skriv ut artikkel print symbol