Godt nytt for studentbustader på UiS


Det blei både bursdag og julekveld då statsråd Tora Aasland skulle ta første spadestikk for nye studentbustader på UiS-campus. Med seg hadde ho eit løfte om pengar til minst 50 nye bustader.

Statsråden var på besøk i regntunge Stavanger for å markere starten på bygginga av den første bustadblokka for studentar inne på universitetsområdet. Neste haust skal 75 enkelthyblar og 23 leilegheiter for par stå klare i den sørvestlege enden av campus.
– Det er alltid hyggeleg å vere til stades når nye byggeprosjekt for studentbustader skal settas i gang. Det er kanskje spesielt kjekt i Stavanger, for her har regjeringa registrert at det verkeleg er stort behov. Leie av bustad representerer ein stor del av utgiftene til ein student, sa Aasland.

Ekstraordinært
Ho ga skryt til Studentsamskipnaden i Stavanger for deira arbeid med å prosjektere nye bustader. Og så trakk ho kaninen opp av hatten:
– Eg har merka meg at dykk har planer om eit nytt bustadprosjekt på den nordaustre delen av universitetsområdet. No som dykk er klare for å gå i gang med dette, kan eg i dag gje tilsegn om dei resterande ni bustadene som ikkje er finansiert på dette prosjektet, samt 50 av dei 200 planlagde bustadane på som hittil ikkje har hatt finansiering. Dette går inn som ei ekstraordinær bevilling på statsbudsjettet for 2009, sa Tora Aasland, til stor applaus frå dei frammøtte.

Håp for 2010
Ifølgje SIS-direktør Ellinor Svela betyr dette i praksis at dei 200 planlagde bustadane mellom Hagbard Line-huset og Hulda Garborgs hus kan prosjekteras ferdig, og bygging kan settas i gang. Samstundes stig sjølvsagt håpet om at resten av prosjektet vil bli finansiert på ordinært vis i budsjettet for 2010. SIS Bustad vil sende ein så god søknad som mogleg innan fristen går ut seint i haust.

Takka Aasland
Både Ellinor Svela, ordførar Leif Johan Sevland og rektor Aslaug Mikkelsen takka ministeren for høgre utdanning i sine taler.
– Når ungdom skal ut av vidaregåande skule og over i studenttilværet, bør det ikkje vere sånn at dei bruker den første tida på å få seg tak over hovudet. Noreg bør ha ein politikk som gjer at studentane kan ha fokus på studiet sitt, sa Sevland.
– Dette var det beste me kunne få. Eg gjekk hit for å delta i ein liten bursdag. Så ble det både bursdag og julekvelden på same tid, sa rektor Aslaug Mikkelsen – som ga Tora Aasland ein god klem som ekstra takk.
 


Sist oppdatert av Leiv Gunnar Lie (31.08.2009)

Skriv ut artikkel print symbol