Øyvind Foss med bok om krystallnatta


Den nye boka ”Krystallnatten” inneheld nye opplysningar om kva som hende dagane før natta som markerte ei dramatisk opptrapping i jakta på jødane. Forfattaren Øyvind Foss er seniorforskar ved Universitetet i Stavanger.

7. november 1938 gjekk den 17 år gamle polske jøden Herschel Grynszpan inn i den tyske ambassaden i Paris og skaut legasjonssekretæren Ernst vom Rath. Rath og guten kjende kvarandre, men drapet blei frå første stund utnytta politisk.

To netter seinare stod over 1000 synagogar i brann over heile Tyskland og Austerrike. ”Krystallnatten” blei den mørkaste natt i jødeforfølginga si nyare europeiske historie.

I denne boken presenterast ny kunnskap om Krystallnattens forlaup. Oppløpet til den verste etniske reinsinga noensinne følgjast time for time.

Øyvind Foss er tidlegare prorektor ved Universitetet i Stavanger. Han har utgitt ei rekkje bøker og vært aktiv i norsk offentligheit sidan 1960-tallet. I dag er han aktiv som kritikar i aviser og i radio. Foss er utdanna teolog ved Det teologiske fakultet ved Universitetet i Oslo.
 


Sist oppdatert av (27.08.2009)

Skriv ut artikkel print symbol
Bilete av Øyvind Foss
Øyvind Foss har sidan slutten av 1960-talet gitt ut eit tjuetals bøker. No er han aktuell med "Krystallnatten" kjem ut på Spartacus forlag.
Faksimile av bokomslaget
Nyttige lenker

Nyttige lenker finner du på intranettet på denne sida

Du kan også legge til dine egen snarveier på intranettet fra forsida - sjekk "Mine lenker" øverst til venstre på forsida til intra.uis.no