Øyvind Foss med bok om krystallnatta


Den nye boka ”Krystallnatten” inneheld nye opplysningar om kva som hende dagane før natta som markerte ei dramatisk opptrapping i jakta på jødane. Forfattaren Øyvind Foss er seniorforskar ved Universitetet i Stavanger.

7. november 1938 gjekk den 17 år gamle polske jøden Herschel Grynszpan inn i den tyske ambassaden i Paris og skaut legasjonssekretæren Ernst vom Rath. Rath og guten kjende kvarandre, men drapet blei frå første stund utnytta politisk.

To netter seinare stod over 1000 synagogar i brann over heile Tyskland og Austerrike. ”Krystallnatten” blei den mørkaste natt i jødeforfølginga si nyare europeiske historie.

I denne boken presenterast ny kunnskap om Krystallnattens forlaup. Oppløpet til den verste etniske reinsinga noensinne følgjast time for time.

Øyvind Foss er tidlegare prorektor ved Universitetet i Stavanger. Han har utgitt ei rekkje bøker og vært aktiv i norsk offentligheit sidan 1960-tallet. I dag er han aktiv som kritikar i aviser og i radio. Foss er utdanna teolog ved Det teologiske fakultet ved Universitetet i Oslo.
 


Sist oppdatert av (27.08.2009)

Skriv ut artikkel print symbol