Universitetet i Stavanger på iTunesU


Universitetet i Stavanger har begynt å legge førelesingar og anna studiemateriell ut digitalt på nettstaden iTunesU.

iTunesU er den delen av iTunes Store kor leiande universitet og høgskuler deler kunnskap med omverda. Universitetet i Stavanger har fått sitt eige område på denne tenesta. Dermed vil studentar kunne laste ned og abonnere på førelesingar som audiovisuelle filer til mp3-spelarane eller telefonane sine.

Innovativt
Dette gjev nye moglegheiter for læring og auka tilgang til førelesingar, pensum og anna læremateriell frå UiS. I tillegg vil studentane sjølve kunne publisere filmar, studieprosjekt, workshoper, radioprogram, konsertar og andre ting dei produserer på studiet.
– Me er stolte over å kunne opne nye arenaer for læring for studentane våre. Denne satsinga på digital distribusjon er i tråd med vår strategi om å vere eit innovativt universitet, seier UiS-direktør Per Ramvi.

Trengte ein kanal
Lanseringa av UiS på iTunesU kjem i kjølvatnet av eit nytt, nettbasert studium i sjukepleie, som startar i haust. Her vil studentane få førelesingar og anna studiemateriell som podcaster. Studiet trengte ein kanal for dette digitale innhaldet og iTunesU blei løysinga.
– Men me har allereie fått etterspurnad etter ei slik teneste frå andre studieprogram på universitetet. Eit bredt tilbod av digitalt materiale vil bli gjort tilgjengleg gjennom denne tenesta. Vi sit allereie på over 300 lydfilar, videoar og dokument, seier prosjektleiar Karsten Tillerli på NettOp, UiS si eining for nettbasert læring.

Gratis
Førelesingar av eit stort tal gjesteførelesarar og studiemateriell for etter- og vidareutdanning av lærarar står langt framme i køen.
Alt som blir publisert på iTunesU kan lastas ned gratis. Mesteparten vil vere tilgjengleg for kven som helst. Av omsyn til copyright vil tilgangen til nokre filar bli avgrensa til dei som høyrer til spesifikke studieretningar.

Meir fleksibelt
UiS tek også del i det nasjonale prosjektet ”Læring rett i lomma” saman med Universitetet i Oslo og Høgskulen i Lillehammer. Prosjektet, som er finansiert av Norgesuniversitetet, tek sikte på gjere studiesituasjonen meir fleksibel for studentane ved å innføre metodar og rutinar for å podcaste førelesingar og andre læreløysingar.

Sjekk ut UiS sitt tilbod på iTunesU her

(Publisert 7.8. 2009)


Sist oppdatert av Leiv Gunnar Lie (20.11.2013)

Skriv ut artikkel print symbol
Skjermbilete av forsida på iTunesU
Slik ser inngangssida til iTunesU ut. Herfrå kan du klikke deg inn på ulike lydfilar og videoar.
Bilete av UiS-direktør Per Ramvi foran blå glassvegg.
Universitetsdirektør Per Ramvi er glad for satsinga på ny teknologi som ledd i undervisninga.
Passfoto av Karsten Tillerli på NettOp.
Undersøkinger har vist at digitale lydfiler av førelesingar er det studentane saknar mest i undervisninga. Det gjer Karsten Tillerli og dei andre på NettOp noko med.

FØLG UIS I SOSIALE MEDIER