Internasjonal konferanse om berekraftig energi


Den internasjonale konferansen om berekraftig energi blei opna på Universitetet i Stavanger i dag med 70 deltakarar til stades frå mange europeiske land. Det er Vitskapsakademiet i Stavanger som har invitert til konferansen.

Ein av deltakarane erden tyske vitskapsmannen og politikaren Ernst Ulrich von Weizsäcker. Han har mellom anna leia FN sitt senter for vitskap og teknologi i New York og Instituttet for europeisk miljøpolitikk i Bonn, og vore president for Institutt for klima, miljø og energi.
- Dette er ein interessant konferanse mellom anna fordi bruken av thorium i energisamanheng blir teke opp, seier Ernst Ulrich von Weizsäcker. Thorium er ikkje radioaktivt og må aktiveras for å bli det. Thorium er også sikrare og det er store mengder som kan utnyttas. Eg gler meg til å høyra meir om dette.
von Weizäcker høyrer ikkje til dommedagsprofetene i den globale debatten om klima- og energiutviklinga.

Energieffektivisering
- Det som blir viktig i eit 10 års perspektiv er å sette fokus på energieffektivisering, seier han. Det er store mulegheiter for å bli opptil 20 gonger meir effektiv når det gjeld å utnytte olje, gass og straum.  Debatten i dag bør derfor ikkje dreie seg om det er nok olje og gass tilgjengeleg i framtida. Energieffektivisering er for meg stikkordet.
- La meg ta eit døme. Eg bur sjølv i eit hus i Tyskland som er sjølvforsynt med energi. Det er teknologi innan isolasjon som no gjer det mogleg å redusere tjuknaden på ein murvegg i hus frå 20 cm til 5 cm. Det er gjort store framskritt når det gjeld forbruk av bensin i bilar. Det er no bilar som i løpet av kort vil vera i stand til å kjøyre 100 km på berre ein liter bensin – 0,1 liter per mil i forbruk.

Vel å vera optimist
- Om ein skal vere optimist eller pessimist med tanke på den vidare utviklinga, er avhengig av mentaliteten til den einskilde. Eg vel å vera optimist, seier von Weizsäcker.
Professor Per A. Amundsen i Vitskapsakademiet er godt nøgd med at det er 70 påmeldte til konferansen.
- Dette er ein god anledning for regionen til å bli kjend med den globale utviklinga innan fornybar energi. Samstundes kan omverda få eit bilde av kva Stavanger-regionen kan bidra med innan alternativ energi på lang sikt, seier Per A. Amundsen.

Les mer om konferansen

Tekst: Egil Rugland

 


Sist oppdatert av (11.06.2009)

Skriv ut artikkel print symbol