Kristin Akerjordet disputerer


Kristin Akerjordet disputerer for ph.d. graden ved Universitetet i Stavanger fredag 12. juni 2009 med avhandlinga An Inquiry Concerning Emotional Intelligence and Its Empirical Significance.

Disputasen finn stad fredag 12. juni kl. 12.00 i Kjell Arholms hus, Auditorium A1.

Prøveførelesing kl. 10.00. Oppgitt emne for prøveforelesing: ”Gi en oversikt og gjør rede for innvendinger og kritikk som har vært rettet mot emosjonellintelligens tradisjonen.”

Om avhandlinga

Doktoravhandlinga består av ein samanfattande del og fire enkeltartiklar som er publiserte i  internasjonalevitskaplege tidsskrift med fagfellevurdering. Det vitskaplege føremålet med avhandlinga har vore å samanfatta forskinga om fenomenet Emotional Intelligence (EI) og utvikla meir forståing og mogleg bruk av EI innanfor to kliniske kontekstar; Kvinners mentale helse relatert til postnatal depresjon og ved sjukepleiing/leiing.

250 mødre som nyleg har født, blei inkludert i studien i nært samarbeid med kvinneklinikken ved Stavanger Universitetssykehus. Studien påviser at på tross av ulike kunnskapsteoretiske perspektiv er forskarar einige om at emosjonell intelligens omfattar innsikt og forståing både av seg sjølv og andre og emosjonell meistring. Skalaene som blei utvikla for å vurdera emosjonell intelligens, viste høg grad av påliteligheit og reflekterer relevante aspekt ved kvinners graviditet og barnefødslar. Personleg meistring og kreativitet stod sentralt.

Forskinga indikerte at kvinnene mobiliserte sine indre ressurser i stor grad for å takla dei fysiske og mentale påkjenningar graviditet og barnefødsler representerer.

Meistring

Kvinnene i studien som ga uttrykk for høg emosjonell intelligens er meir i stand til å akseptera sine depressive emosjoner, finna ut av orsaken og dermed meistre dem på ein konstruktiv og realistisk måte. På den andre sida verker det som om personar med høg grad av mellommenneskeleg sensitivitet (empati), kan bli påvirka i større grad av stress og depresjon, noko som tyder på eit økt behov for omsorg og støtte. Studien viste vidare at emosjonell intelligens tilbyr nye moglegheiter for leiing relatert til helse, personleg vekst og utvikling, noko som fremhever betydninga av leiarens sjølvinnsikt, personleg meistring og vegleiingsferdigheiter for å kunna skapa eit godt arbeidsklima som gjer autentisk openheit.

Forskinga er eit viktig bidrag for å retta søkjelyset mot nye helsefremmande strategiar relatert til emosjonell intelligens for å ivareta kvinner på ein mer heilhetleg måte i samband med barnefødslar. Studien indikerte at emosjonell intelligens kan ha en vikteg rolle med tanke på å skapa ein konstruktiv dialog blant helsearbeidarar og kvinner som slit med mentale helseproblem assosiert med barnefødslar.

Innsikt

Studien gir også ein auka innsikt i kva betydning emosjonell intelligens kan ha for verdibasert leiing, samarbeid, innovasjon og endring.

Kristin Akerjordet er fødd i Sandnes og er no bosett i Stavanger. Ho er utdanna sjukepleier 1987/1996 og har spesialutdanning i intensivsjukepleie. Ho har grunn-, mellom- og hovudfag i sjukepleievitskap med fordjupning i leiing ved Institutt for sjukepleievitskap, Medisinsk fakultet, Universitetet i Oslo.

Kristin Akerjordet er tilsett som universitetslektor ved Institutt for helsefag, UiS.

Bedømmingskomité: 1. Førsteamanuensis Vibeke Lohne, Høgskolen i Oslo. 2. professor Arnulf Kolstad, Norges teknisk-naturvitenskapelige universitet (NTNU). 3. Førsteamanuensis Bjørg Karlsen, Universitetet i Stavanger (administrator).

Hovudvegleiar: Professor Elisabeth Severinsson, Institutt for helsefag, Universitetet i Stavanger.

Leiar av disputasen: Instituttleiar Kari Vevatne, Institutt for helsefag, Det samfunnsvitskaplege fakultet, Universitetet i Stavanger.


Sist oppdatert av System (09.06.2009)

Skriv ut artikkel print symbol