UiS og IRIS samarbeider om økotoksikologi


Seniorforsker Jonny Beyer, IRIS Biomiljø har i ein treårsperiode hatt ei 20 prosentstilling ved Institutt for matematikk og naturvitskap (IMN) for å utvikla forskingsbasert undervising innanfor læra om effektane av forureining og miljøgifter.

I denne perioden har tre nye studentkurs på masternivå blitt utvikla: MBI100  Ecotoxicology,  MOT490  Offshore industry external environment, og MBI130 Molecular Biomarkers. Desse tre kursa blir haldne på engelsk og dei har blitt innlemma i ulike master-studieretningar ved IMN, dels som obligatoriske emne og dels som valemne.

Målsettinga med kursa er å heva kunnskapsnivået hos UiS-studentane innan økotoksikologi og miljøforsking generelt. Utstrakt forsking innan økotoksikologi skjer på IRIS ved den marine miljøforskingsstasjonen (Akvamiljø) på Mekjarvik, moglegheita for at masterstudentar og doktorkandidatar frå UiS kan involverast i denne forskinga blir betre jo meir fagleg gode studentane er.

Tilbakemeldingane frå studentane har vore gode og tilstrøyminga av studentar òg bra. MBI100-kurset har dette semesteret sett ein førebels rekord med 35 studentar som blei meldt opp til eksamen. Moglegheita for auka vitskapleg publisering og generering av felles UiS/IRIS- prosjekt har òg vore ein del av dette aktuelle samarbeidet.

Beyer har gjennom toer-stillinga kunne bidra frå starten i utviklinga av den nye Master of  Science-studieretninga ”Monitoring  and Nature Management in the Northern Oil and Gas  Producing Regions” ved  IMN. Dette er eit SiU-finansiert prosjekt og eit internasjonalt samarbeid med universitetet i St. Petersburg. 

Den tre-årige toer-stillinga som no vert avslutta har vore finansiert av UiS og IRIS i fellesskap. Det kan bli aktuelt å vidareføra opplegget avhengig av å skaffa midler.


Sist oppdatert av Leiv Gunnar Lie (08.06.2009)

Skriv ut artikkel print symbol