Samarbeid mellom Det humanistiske fakultet og Rogaland fylkeskommune


Tysdag signerte dekan Tor Hauken og fylkesdirektør for opplæring Magne Nesvik ein intensjonsavtale som skal sikre eit enda tettare og meir aktivt samarbeid mellom dei to institusjonane.

Samarbeidsavtalen er utvikla som del av satsinga ”Utdanningsregion Rogaland” og er blitt til gjennom ein prosess med fleire involverte. Resultatet er blitt ein intensjonsavtale som legg føringar for korleis det framtidige samarbeidet kan vidareutviklast og intensiverast. For UIS sin del rører intensjonar og innhald i avtalen særleg Institutt for kultur og språkvitskap.
Intensjonen med avtalen er å styrkje dialogen og samhandlinga og dermed arbeide for å sikre vidare kvalitetsutvikling i kvarandre sine utdanningar og institusjonar.

Mange tiltak
Eksempel på konkrete tiltak i avtalen er felles samarbeid for å etablere utdanningsprogram for lektorar, styrke praksissamarbeidet ved PPU, etablere ordning med praksisskular, gi tilbod om rettleiing av nytilsette lærarar i vidaregåande skular, gi stønad i arbeidet med instruktørkvalifisering for lærebedrifter, avklare Y-vegen for elevar frå vidaregåande som har fullført fagopplæring, utvikle hospiteringsordningar for tilsette, styrke samhandling rundt FOU-arbeid og leggje betre til rette for maststudentar og doktergradsarbeid.

Dialogmøte
Avtalen blei signert under ei felles markering ved fakultetet tysdag 26. mai, og avtalen skal gjelde i tre år framover. Det er etablert faste dialogmøte mellom IKS, Utdanningsregion Rogaland og Opplæringsavdelingen i Rogaland fylkeskommune. Oppfølging av tiltaka i samarbeidsavtalen vil vere sentralt innhald i desse dialogmøta framover.
 


Sist oppdatert av Leiv Gunnar Lie (28.05.2009)

Skriv ut artikkel print symbol