Fann opp hjulet!


Språkforskarane ved Universitetet i Stavanger klarte ikkje å sitje stille og sjå på at språkfaga på skulane sleit. Derfor fann dei opp eit hjul for å støtte språklærarane og hjelpe elevane til å halde språkmotivasjonen oppe.

Ungdomsskuleelevane har dei siste to tiåra valt bort språk som fag på skulen. Resultatet er rekordlåge tal på unge som vel språkfag ved universitet og høgskular. Dette har blitt til eit vere eller ikkje vere for språkfaga ved Universitetet i Stavanger. Derfor har språkforskarane ved Institutt for kultur- og språkvitskap teke saka i eigne hender og utvikla eit vurderingsverktøy for
å forbetre språkopplæringa i skulen.

– Eg følte at det var på tide å samkjøre ein målretta progresjon i framandspråkundervisninga som kunne vere felles for dei fleste, og meiningsfull for elevane, fortel førsteamanuensis Alexandre Dessingué, som er leiar for prosjektet EKSPER.

Saman med kollegaene sine har Dessingué jobba i to år med å definere ein progresjon når det gjeld språkkompetansen hos unge frå åttande trinn fram til universitetsnivå. Progresjonen tek utgangspunkt i det felles europeiske rammeverket for språk utvikla av Europarådet, der Noreg har vore medlem sidan 1949. Heile tida har forskarane samarbeidd tett med ungdomsskulelærarar og lærarar i vidaregåande skule i regionen.

Resultatet er eit fargerikt hjul i A3-format. Eitt hjul for kvart skuleår. Hjulet er delt i fire sektorar: lesing, skriving, lytting og munnleg framføring. Ved at elevane skraverer sektorar i hjulet etter kvart som dei meistrar øvingane, får både eleven, læraren og foreldra beskjed om kva eleven har oppnådd, og kva som står att i språkopplæringa. Målet med hjulet er å gjere språkopplæringa meir konkret og meir praktisk.

Meir konkret
I 2006 kom skulereforma Kunnskapsløftet. Elevar på allmennfagleg studieretning i vidaregåande får no opplæring på eit framandspråk i tillegg til engelsk, som er obligatorisk. Elevane på ungdomstrinnet må også velje eit ekstra språkfag. Faga dei kan velje mellom, er tysk, fransk, spansk, engelsk fordjuping og norsk fordjuping.

– Situasjonen for framandspråka i skulen er ikkje helt uproblematisk. Færre og færre elevar på ungdomsskulen vel tysk, fransk og spansk, og det er eit problem for framandspråkkunnskapen i det norske samfunnet, seier Dessingué som undervis i fransk.

Gørild Eltervåg er fransklærar på Høyland ungdomsskule i Sandnes, og ho har mang ein gong vore fortvila fordi ho ikkje har visst korleis ho skulle leggje opp språkundervisninga si. Korleis skulle ho få elevane til å halde motivasjonen oppe? Og korleis skulle ho setje karakter på prestasjonane åt elevane sine? Ho opplevde at dei måla for progresjon i framandspråklæringa som står nedfelt i læreplanen, ikkje var konkrete nok.

– Det er ein kunst å halde språkgleda oppe. Når mange framandspråkelevar slit med å lære seg å lese og skrive sitt eiga morsmål, gjev det oss språklærarar store utfordringar. Derfor vart eg så glad då eg skjøna kva språkforskarane ved Universitetet i Stavanger heldt på med. Dei tok initiativ til ei konkretisering av læreplanen for framandspråk, og dei tok til orde for betre samarbeid mellom ungdomsskular og vidaregåande skular, fortel Eltervåg.

Ho er ein av lærarane som har gjeve språkforskarane konstruktive innspel. No har den engasjerte læraren innført språkhjulet i dei tre franskklassane sine, på åttande, niande og tiande trinn. Og hjulet er veldig populært:

– Elevane ber om at vi skal ta fram hjulet! Det er så intuitivt og så motiverande å arbeide med, særleg den munnlege delen, sidan språk i realiteten handlar om å kommunisere, fortel Eltervåg.

Lærer å handle
Meininga med hjulet er at dei ikkje berre skal lære å konversere om bestemte tema, dei skal òg lære å handle med språket. Dei lærer for eksempel å forstå ein samtale om vêret eller å lese og forstå innhaldet i ein teikneserie. Slik kan læraren også sette fokus på heilt konkrete kompetansekrav i si undervisning.

– Med dette språkhjulet lærer ikkje elevane nødvendigvis futurum av eit bestemt verb, men dei lærer å meistre ein konkret språkkompetanse, for eksempel å fortelje kva dei skal gjere neste sommar, ved hjelp av futurum, fortel Dessingué.

– Dette er eit godt verktøy for meg. Eg bruker hjulet til å planleggje undervisninga. Ved å ta ein rask kikk på hjulet til ein elev som har skravert øvingar han eller ho har gjort, kan eg lese av hjulet og definere tydelege mål for undervisninga. Også elevane skjøner kva dei må jobbe med for å nå måla som er sette og avmerka på hjulet, fortel Eltervåg og legg til at det er meir motiverande for elevane å få døme på at dei meistrar ting og ikkje berre abstrakte omgrep.

– Dette er ypparleg når det gjeld forholdet mellom heim og skule, sidan foreldra kan følgje med på språkframdrifta til sonen eller dotter si ved å ta ein rask titt på sirkelen, seier fransklæraren.

Vil du vite meir?
Alexandre Dessingué, Institutt for kultur- og språkvitenskap, UiS, tlf.: 51 83 13 80
e-post: alexandre.dessingue@uis.no

EKSPER-sirkelen:
Forskarar ved Institutt for kultur- og språk- vitskap ved UiS har samarbeidd med ungdoms-skulelærarar og lærarar på vidaregåande skular i Stavanger, Sandnes, Sola og Randaberg om EKSPER-sirkelen, som er ei konkretisering av mål og kompetanse innan framandspråkundervisninga på ungdomsskulen. EKSPER- sirkelen er gratis og kan lastast ned frå www.uis.no/eksper og språkforskarane kan gje innføringskurs i sirkelen til skular som er interesserte. I 2010 kjem det ut ei digital lærebok knytt til språkhjulet for fransk-, spansk- og tyskelevar på Greenbook forlag.

TEKST: Karen Anne Okstad
FOTO: Elisabeth Tønnessen
 


Sist oppdatert av Karen Anne Okstad (25.03.2009)

Skriv ut artikkel print symbol
Språkforskarane i EKSPER-gruppa. FOTOGRAF: Elisabeth Tønnessen.
SPREIER SPRÅKGLEDE: Språkforskarane i EKSPER-gruppa ved UiS: Hans Erik Bugge (spansk), Anne Reiher (tysk), Unni Puntervold Pereira (tysk), Alexandre Dessingue (fransk) og David-Alexandre Wagner (fransk). Ann Elisabeth Laksfoss Hansen (spansk) var ikkje til stades då biletet vart teken.
EKSPER-hjul i klasserom. FOTOGRAF: Elisabeth Tønnessen.
KJEKT HJUL: - Kjekt å sjå kor langt vi er komne, og kva vi kan og kva vi må øve på, fortel elevane i niande klasse på Høyland ungdomsskule i Sandnes.

FØLG UIS I SOSIALE MEDIER