Open dag for UiS-nysgjerrige


Tysdag 17. mars er campus open for alle som ynskjer å vete meir om studia og aktivitetane på universitetet. Studentar og tilsette tek då imot elevar frå vidaregåande skular frå heile regionen.

For andre år på rad held Universitetet i Stavanger opent hus. Då er campus laga om til ein studiemarknad med stands i alle bygga, inkludert laboratorievandringar og kunstnariske innslag med studentar frå musikk og dans.

I tillegg er det lagt opp til ei rekkje populærvitskaplege foredrag og presentasjonar som til dømes: «Korleis ble Nokia til det dei er i dag?», «Alt flyter – men korleis?» og «Kan vi velje venner?».

Sjølv om dagen er laga spesielt med tanke på elevar og potensielle studentar, så er også rådgjevarar, lærarar og andre interesserte hjarteleg velkomne. Det er blant anna eit eiga opplegg for rådgjevarar.

Dagen gjev ein ypparleg moglegheit til få kjennskap til dei ulike faga og studieretningane ved universitetet. Studentforeiningane er også til stades for å fortelje om deira aktivitet.

Viktig dag
– Dette er eit kjempearrangement med mange engasjerte studentar og tilsette som deltek, og ein viktig dag for å vise potensielle studentar korleis det er her på universitetet og kva tilbod vi har. Dei får blant anna moglegheit til å snakke med både studentar og fagleg tilsette, fortel André Sæbø som er koordinator for Open dag.

Han fortel at Open dag har fått auka merkesmed også utanfor Rogaland og at interessa er endå større enn i fjor.

– Det kjem elevar frå Vest-Agder og Hordaland, det er til og med elevar som tek turen frå Oslo. Det er kjempekjekt, seier Sæbø som  håper å slå fjorårets besøkstal på 1500 elevar.

– Bruk dagen og utforsk universitetet, her er mykje å glede seg til, er appellen frå Sæbø.


Se program for Åpen dag 2009

Sist oppdatert av (12.03.2009)

Skriv ut artikkel print symbol