Vegen ut av prostitusjon


Torsdag og fredag skal HUSK-prosjektet i Stavanger diskutera korleis samfunnet kan hjelpa kvinner ut av prostitusjon.

Både akademikarar, behandlarar, tidlegare prostituerte og andre som har interesse for feltet møtast på Universitetet i Stavanger torsdag og fredag. Seminaret har fått tittelen ”Veien ut av prostitusjon”.
– Våre informantar fortel om eit hjelpeapparat som ikkje heilt veit korleis dei skal møta prostituerte som forsøker å slutte. Dette prosjektet er eit forsøk på å få auka fokus på problemstillinga, seier prosjektleiar Ingrid Elin Dahlberg.

Betre løysingar
Ho arbeider ved Institutt for sosialfag på Universitetet i Stavanger og er leiar for prostitusjonsprosjektet innanfor HUSK - Høgskole- og universitetssosialkontor. HUSK er eit samarbeid mellom universitet, kommunar, helse- og sosialtenesta og brukarane av desse tenestene. Ved å samarbeida skal ein finna betre løysingar. HUSK arrangerer seminaret saman med KoRFor - regionalt kompetansesenter for rusmiddelforskning i Helse Vest.
Varaordfører Bjørg Tysdal Moe opnar seminaret på Kjell Arholms hus torsdag klokka 12. Deretter skal fagfolk og tidlegare prostituerte frå Noreg, Sverige og Danmark fortelja om sine erfaringar. Seminaret fortset på fredag.

Sist oppdatert av Leiv Gunnar Lie (10.03.2009)

Skriv ut artikkel print symbol