Kvifor skrive? Kronikkskriving i eit kjønnsperspektiv


Nettverk for kjønnsforskning ved UiS inviterer til lunsjseminar med journalist Solveig Grødem Sandelson frå Stavanger Aftenblad onsdag 4. mars kl. 12.00- 13.00.

Rektor Aslaug Mikkelsen oppfordrar kvinnelige studentar og tilsette til å vera med på Nettverk for kjønnsforskning sitt lunsjseminar med journalist Solveig Grødem Sandelson frå Stavanger Aftenblad onsdag 4. mars kl. 12.00- 13.00.

I januar 2009 trykte Stavanger Aftenblad berre kronikkar som var skrivne av menn. Kvifor skriv få kvinner kronikkar her i distriktet? Kva skal ein gjera for å få inn fleire stemmer, fleire tema og fleire blikk på samfunnet i den offentlege debatten? Strategi- og kommunikasjonsavdelinga ved UiS inviterer jamleg tilsette til kurs i kronikkskriving. På sist avhaldne kurs var over halvparten av deltakarane kvinner.

Grødem Sandelson innleier om deltakinga i den offentlege samfunnsdebatten i eit kjønnsperspektiv. Ho vil også gje tips og råd for å skriva innlegg og kronikkar. Etter innleiinga opnar vi for spørsmål og diskusjon.

Lunsjseminaret finn stad onsdag 4. mars i auditorium E-354 i Kjølv Egelands hus (3. etasje) på Universitetet i Stavanger.

Program:
Innleiing: 12.00-12.15
Diskusjon: 12.15-13.00

Ta gjerne med eigen lunsj – Nettverket spanderer kaffi og te!

Velkommen!

Sist oppdatert av (16.02.2009)

Skriv ut artikkel print symbol