Viktige styresaker i morgon


Her er nokre av sakene som skal takast opp på styremøtet fredag.

Gode tal for Universitetet i Stavanger 
Fleire studentar og meir forsking gav ei auke i aktiviteten ved UiS på 11,4 prosent. Det viser førebels årsrekneskap for 2008, som vert lagd fram for styret fredag.
– Generelt har aktivitetsnivået gjennom heile året vore høgare enn årets ordinære statlege løyve skulle tilseie. Det gjeld både innan forsking, utdanning og formidling, seier UiS-direktør Per Ramvi.
Førebels årsrekneskap viser at Universitetet i Stavanger rådde over 989 millionar kroner totalt. Det er ei auke på 94 millionar, eller 11,4 prosent, frå 2007.

Den største enkeltauka ligg på eksternt finansiert verksemd. UiS fekk tett innpå 170 millionar kroner frå Noregs forskingsråd, EU og andre eksterne kjelder, og det er 56 millionar kroner meir enn året før. Løyva frå Forskingsrådet auka med rundt 90 prosent frå 2007 til 2008, og anna eksternfinansiering auka med over 40 prosent. Ein registrerte også fleire samarbeidsprosjekt med IRIS. Overskot frå eksternfinansierte prosjekt som går til verksemdskapital utgjer 2,4 millionar kroner i 2008.
– Dette beløpet er i seg sjølve meir enn alle tidlegare år lagd saman, seier Ramvi nøgd.

Talet på eigenfinansierte studentar steig frå 7062 til 7227 mellom 2007 og 2008. Totalt hadde Universitetet i Stavanger 8263 betalande studentar i haustsemestret. Det er i tillegg registrert 189 doktorgradsavtalar og 12 doktorandar disputerte.
Resultatrekneskapen viser eit meirforbruk på løyvinga frå Kunnskapsdepartementet på 4,7 millionar kroner. Meirforbruket er i samsvar med styrets målsetting om forsert aktivitet og dekkast inn av akkumulerte, ubrukte middel frå tidligare år. Ubrukte (men øyremerka) pengar på anna løyvefinansiert verksemd, deriblant prosjekt under Forskingsrådet, utgjer 11,8 millionar kroner. Dette gjer eit totalt resultat for året på pluss 7,1 millionar kroner.

– Ikkje for mange i stab
Det er ikkje for mange administrativt tilsette ved Universitetet i Stavanger, meiner direktør Per Ramvi. Det går fram av ei sak for styret.
På førre styremøte sluta styret seg til eit benkeforslag der universitetsdirektør Ramvi fekk i oppgift å gå gjennom stillingar og ressursar i fellesadministrasjonen, for om mogleg å overføra personell og andre ressursar til dei produserande einingane på fakulteta.

Direktøren sitt framlegg for styret er no klart. Der går det fram at det administrative apparatet, både sentralt og lenger nede i organisasjonen, har auka dei siste fire åra. Per Ramvi seier likevel at det ikkje er problematisk mange tilsette i administrasjonen. Tvert om er vårt støtteapparat underdimensjonert i høve til andre universitet, ifølgje universitetsdirektøren.
– UiS er det universitetet som har færrast administrative årsverk i høve til den totale arbeidsstyrken, færrast administrative årsverk per vitskapleg tilsett og (saman med UiA) flest studentar per administrativt tilsett, seier Ramvi.

Han viser til at talet på fagleg tilsette og har vekse betrakteleg, men først og fremst når det gjeld rekrutteringsstillingar. Også talet på studentar har auka.
Universitetsdirektøren foreslår likevel at saka blir fylgd opp med ulike tiltak i samanheng med det vidare organisasjons- og utviklingsarbeidet.


Friske pengar til Folken
Universitetsdirektøren foreslår å løyve 500 000 kroner til Studentersamfunnet Folken. Samstundes stiller UiS nye krav til styringa av huset.

– Sjølv om Folken er eit viktig sosialt knutepunkt og ein del av studentbyen Stavanger, er hovudproblemet etter min meining at Folken ikkje maktar å utvikla seg som studentsamfunn, det vil seie eit forum for og av studentar med tette band til UiS. I løpet av 2009 må Folken ikkje berre visa økonomisk stabilitet, men og ei klar utvikling i studentrelasjonane, særskilt knytt til UiS, seier universitetsdirektør Per Ramvi i sitt saksframlegg.

Studentersamfunnet Folken har vore i økonomisk uføre fleire gonger gjennom sin 30 år lange historie. Kommunen, universitetet og Studentsamskipnaden har alltid hjelpt Folken over kneika, og det vil venteleg skje denne gangen og. I saka som ligg føre styret i UiS no, er det klare krav til styring og kontroll, som Folken har akseptert fullt ut. Folken vil få rådgjeving og opplæring i styrearbeid. Ei føresetnad for å gje den halve millionen kronar er at dei andre partane og stiller opp med stønad.

Samarbeidsavtale revidert
Styret vil handsama eit utkast til avtale mellom Stavanger Universitetssjukehus (SUS), Helse Stavanger HF og UiS.
UiS har i lengre tid hatt eit godt og tett samarbeid med ulike fagmiljø ved SUS innanfor både utdanning og forsking. Det vert mellom anna samarbeida om forskingsprosjekt både på Det samfunnsvitskaplege fakultet og Det teknisk-naturvitskaplege fakultet.

Samarbeidsavtalen mellom institusjonane er no blitt revidert. Den reviderte avtalen omfattar styring av samarbeidet og dessutan retningsliner for partanes rettar og pliktar i prosjektsamarbeid. Dette er mellom anna gjort for å førebygge moglege konfliktar om rettar til resultat og til publisering.


Sist oppdatert av Leiv Gunnar Lie (12.02.2009)

Skriv ut artikkel print symbol