Sagatur til Island


Vil du vera med på tur til Island og læra om sagatradisjonen? No har du sjansen.

Turen er først og fremst for studentene ved bachelorstudiet i historie ved Universitetet i Stavanger, men det er mogleg for tilsette ved UiS og andre særskilt interesserte å vera med. Turen vert lagt opp slik at deltakarane får kjennskap til Island og innsikt i den islandske sagatradisjonen.
Avreise blir på morgonen 5. mai 2009 og retur seint på ettermiddagen 19 mai 2009. Arrangørane legg opp til 17. mai-feiring på Island. Programmet inneheld tre rundturer med besøk på plasser av fagleg interesse, men også til stader av meir generell interesse.
Bustaden er Leirabakki Hotel og studiesenter, som ligg ca 100 km søraust for Reykjavik. Leirabakki har mange aktivitetstilbud i tillegg til dei reint faglege, og det blir arrangert besøk i Reykjavik.

12 000 kroner
Prisen er ikkje endeleg fastsett, men vil ligge på ca 12.000 kroner. Med i denne prisen er:
- Fly Stavanger – Reykjavik
- Transport mellom flyplass og hotell ved ankomst og avreise
- Tre dagsturar
- Forlegging i dobbeltrom
- Full pensjon

Påmelding
Nærmere opplysninger kan du få av professor Titlestad på mobil 952 07 370 eller Sigvald Grøsfjeld sr. på mobil 901 36 192.
Påmelding så snart som mogleg - og seinast 28 februar 2009 - til Sigvald Grøsfjeld jr. på telefon 5183 1313. Du kan og nytta e-postadressene sigvaldg@gmail.com eller  torgrim.titlestad@uis.no



Sist oppdatert av Leiv Gunnar Lie (06.02.2009)

Skriv ut artikkel print symbol