Mühleisen i ny bok om sex


Førsteamanuensis Wenche Mühleisen er medforfattar og redaktør for ei ny bok. Antologien Norske seksualiteter lanserast på måndag.

Bak det pirrande coveret tek forfattarane føre seg tilhøvet mellom seksualitet og det å vera norsk. Er nokre seksualitetar meir norske enn andre? Kva er forskjellen på norsk sex og ikkje-norsk sex?
Boka tek føre seg koplingar mellom seksualitet og det å vera norsk i lærebøker for ungdomsskulen, medias framstilling av den norske idealkroppen, statens oppskrift på eit godt parforhold, kva slags tolkingar av transseksualitet som finst i dag, haldninga til nigerianske prostituerte og regulering av kvinners seksualitet i krigstid.
Forutan å vera ein av to redaktørar for boka, er Wenche Mühleisen medforfattar av to kapittel i boka. UiS-forskaren har vore med på både innleiinga og kapitlet om statens oppskrift på parseksualiteten.
Boka vert lansert på Litteraturhuset i Oslo måndag.







Sist oppdatert av Leiv Gunnar Lie (05.02.2009)

Skriv ut artikkel print symbol
Bilde av omslaget til boka Norske seksualiteter
Ei rekkje akademikarar har bidrege til denne antologien om seksualitet og det å vera norsk.
Portrett av Wenche Mühleisen
Wenche Mühleisen ved Universitetet i Stavanger er medredaktør for boka Norske seksualiteter.

FØLG UIS I SOSIALE MEDIER