Sjukepleie på nett – pensum på iPod


Med ein unik kombinasjon av tekst, video, animasjon, lydfiler og interaktive oppgåver er det no mogleg å ta heile sjukepleiarutdanninga via nett. Universitetet i Stavanger har utvikla ein ny e-læringsmodell for MP3-generasjonen.

– Dette er kjempekjekt og mykje meir lærerikt enn å sitje passivt på ei førelesing. Eit slikt nettstudium gjer oss meir aktive i innlæringa av faget, seier Elin Kristoffersen. Ho er andreårs sjukepleiarstudent ved Universitetet i Stavanger og har saman med medstudent Therese Løvdal nyleg fått ein liten demonstrasjon av det nye e-læringstilbodet.

– Dette verkar knallbra. Eg reiser mykje og det hadde vore fantastisk å kunne høyre førelesingane på MP3-spelaren min når eg sit på toget, seier Løvdal som skulle ynskje at dette var tilgjengeleg for alle som studerte sjukepleiarfaget.

Fleksibelt studium

Frå hausten tilbyr Universitetet i Stavanger ein nettbasert bachelorgrad i sjukepleie. Det er første gongen at Universitetet i Stavanger tilbyr eit heilt studium på nett. Det er også første gongen at den aller nyaste teknologien er brukt til å utvikla eit heilskapleg e-læringstilbod av dette slaget.

– Denne nyskapande undervisningsmodellen er laga for å være på høgda med dei unge i dag. Vi kan godt skryte på oss at vi har kome lenger enn dei andre i sektoren når det gjeld bruk av teknologiske verktøy, fortel prosjektleiar Venche Hvidsten ved Institutt for helsefag på Universitetet i Stavanger.

Studiet er nettbasert og passar for dei som er interessert i å ta i bruk nyskapande teknologi, og for dei som ønskjer ei fleksibel ordning og ikkje kan eller vil tilbringe hele studietida ved Universitetet i Stavanger.

Ved sia av det nettbaserte undervisningstilbodet er det lagt opp til felles møtestader for studentane og lærarane, både på nett og på fysiske samlingar. I tillegg kjem sjølvsagt den praktiske biten, der studentane skal utplasserast i det verkelege livet for å lære faget sitt. Dei har også tilgang til SAFER, som er eit internasjonalt leiande akuttmedisinsk simuleringssenter der ein lærer gjennom simulering.

Ny teknologi tatt i bruk
Studiet er i sin heilskap utvikla ved Avdeling for nettbasert undervisning (NettOp) ved Universitetet i Stavanger. Utviklarane har teke Adobe CS4 i bruk, som gjer det mogleg å bruke pdf-teknologi saman med multimediateknologi på ein ny og revolusjonerande måte.

– Dette er eit heilt nytt e-læringskonsept, og vi er så langt eg veit dei einaste som har tatt i bruk denne teknologien til fulle. Studentane kan lese på skjerm, skrive ut litteraturen på papir eller høyre pensum på nedlastbare lydfilar. Det også mogleg å søkje på ord, markere i teksten og leggje inn eigne kommentarar eller relevante dokument inn i pdf-dokumentet. Vi legg og opp til ein form for interaktiv læring med interaktive illustrasjonar etter drag-and-drop og leik-og-lær-prinsippet. Dette er ein unik måte å presentere puggestoff på, fortel Karsten Tillerli, som er produksjonsleiar av studietilbodet.

Teamet frå Universitetet i Stavanger har hatt fokus på høg kvalitet i alle ledd og samarbeider med University of Nottingham som har ti års erfaring med moderne e-læring.

Undervisning for framtida 
Hvidsten fortel at undervisningsmodellen byggjer opp om kvalitetsreforma.

– Vi tek fokuset vekk frå førelesingar, og har fokus på læring. Vi legg stor vekt på aktiv læring. Studentane kan til dømes lære seg anatomi og fysiologi gjennom interaktive øvingar. Vi har lagt opp til ein stram og strukturert framdriftsplan, der studentane skal jobbe med øvingane mellom kvar samling, fortel universitetslektoren som legg til at dette ikkje er eit tradisjonelt fjernstudium etter modell av den tradisjonelle brevskola der ein deltek på videokonferansar og har ein heil opphoping av førelesningar i helgane.

– Det er ikkje det at nettbaserte undervisningsopplegg er noko nytt, men vi har laga eit fleksibelt læremiddel for nett og pc på dei ulike faga sine premissar. Vi tek i bruk teknologiens særskilde virkemiddel, og har blant anna laga om lag 300-400 illustrasjonar og lagt vekt på interaktive løysingar, fortel Atle Løkken, leiar for NettOp ved Universitetet i Stavanger.

For NettOp og Univeristetet i Stavanger er dette fagtilbodet ein milepel, samtidig som det gjev bod om meir i framtida.

– 15. august 2010 er det definitive vendepunktet. Då begynner dei studentane som har hatt ein laptop til disposisjon i alle sine tre år på vidaregåande skule. Vi er i ferd med å imøtekomme denne generasjonen. For desse studentane er datateknologien ein del av den lufta dei pustar i, fortel Løkken som ikkje er i tvil om at det blir meir e-læring i framtida.


Sist oppdatert av Karen Anne Okstad (06.02.2009)

Skriv ut artikkel print symbol
Venche Hvidsten, Atle Løkken og Karsten Tillerli.
NYBROTTSARBEID: Prosjektleiar Venche Hvidsten ved Institutt for helsefag har utfordra Avdeling for nettbasert undervisning (NettOp), leiar Atle Løkken og produksjonsleiar Karsten Tillerli, med å lage eit framtidsretta studium i sjukepleie. Til hausten kan dei første tjue studentane sette seg ned foran skjermen og ta ein bachelor heime i stova si.
Therese Løvdal og Elin Kristoffersen
KNALLBRA!: Andre årsstudentane i sjukepleie, Therese Løvdal og Elin Kristoffersen, fekk ein liten smak på det nye nettstudiet av Joanne Theresa Kleppe ved NettOp. Begge var imponert over resultatet.

FØLG UIS I SOSIALE MEDIER