EAIE 2018 - stor suksess med mange deltakarar frå UiS


I alt 17 ansatte UiS deltok på den 30. EAIE konferansen som gjekk av stabelen i Genève i forrige veke. 5700 delegatar frå 95 land bidrog til minnerike dagar med mykje fagleg påfyll og møter med partneruniversitet

Konferansen, som blir arrangert  av European Association for International Education,  er ein viktig møteplass for alle som jobber med internasjonalisering i UH-sektoren. Dei 17 deltakarane  frå UiS fekk i løpet av fire dagar gjennomført ein rekke møter med våre partneruniversitetet i heile verda.  I tillegg til fagleg påfyll på ulike "sessions" der viktige tema blir diskutert, var det også mogleg å besøke ein rekke universitet i Sveits. Diku arrangerte også ein nettversamling for norske og kinesiske universitet der ansatte frå UiS fekk høyre ein del om Kina som studieland.

Tema for årets konferanse var "Facing outward". Stafettpinnen er nå overrekt til Helsinki som skal arrangere neste EAIE konferanse den 24. - 27. september i 2019. Tema for neste års konferanse er "'Encompassing all voices". Kanskje blir din stemme å høyre neste år?

 


Sist oppdatert av Hege Rosså (18.09.2018)

Skriv ut artikkel print symbol