Fem grunnar til at ferie kan gi meir kreativitet på arbeidsplassen


Ny forsking tyder på at ein pause er det som skal til for å auke kreativiteten din på jobb.

Det finst mange døme på internasjonale selskap som er dedikerte til å auke kreativiteten blant sine tilsette. Google gjer det, Microsoft gjer det, og Pixar gjer det. For å nemne nokre.

Medan organisasjonsforsking stort sett har konsentrert seg om korleis ein kan leggje til rette for kreativitet på arbeidsplassen, blir nå nye perspektiv undersøkt. Meir og meir forsking støttar nå ideen om at ferie òg kan auke den jobbrelaterte kreativiteten hjå den enkelte.

Organisasjonsforskarar peiker på følgjande psykologiske mekanismar som kan setje i gang effekten:

1. Varierte erfaringar

Ferie betyr ofte nye stadar og nye menneske, samt varierte ferieopplevingar. Dokumentasjon peikar i retning av at desse varierte opplevingane kan bidra til å auke menneskjer sin kognitive fleksibilitet og kreativitet. Til dømes, eit nytt design eller ei ny teknisk løysing på feriestaden kan gi ei aha-oppleving. Den kan gi ny innsikt som kan nyttast på arbeidsplassen.

2. Psykologisk avkopling

Psykologisk avkopling frå arbeid i ferietida kan leggje til rette for ein periode kor idear blir vidareutvikla og klekka ut. Dette er ein prosess som skjer når bevisst merksemd er leia vekk frå oppgåva og blir rekna som avgjerande for kreativ tenking. Å ta en pause frå jobbrelaterte problem medan du nyter ein ferie kan faktisk hjelp deg med å løyse problema når du er attende på arbeid.

3. Fysisk avstand

Når vi er fysisk nær kjelda til eit problem, kan tankane automatisk bli avgrensa fordi tankane då er bunde av eit avgrensa sett av forventingar. På reise, er tankane våre friare og vidare, slik at kreative idear som tidlegare har vore undertrykte, kan komme til overflata av vår bevisstheit.

4.Dagdrøyming

Folk som lar tankane vandre medan dei er på ferie, kan faktisk auke si evne til kreativ problemløysing. Det ser ut til at avslappande feriesituasjonar som tillat dagdrøyming, kan bidra til den enkelte sin kreative inspirasjon.

5. Positiv jobbrefleksjon

På ferie vil refleksjon over det positive ved jobben, bidra til aktiv problemløysing (som kreativ tenking), og eit ønske om å lære når ein attende på arbeid. Til dømes, i staden for å bruke energi på å vera irritert på ein dårleg leiar eller lite støttande kollegaer, kan avslapping og kanskje vakre omgjevnadar stimulere eit meir konstruktivt humør.

Berre i starten av å forstå

Trass anbefalingar om at temaet er viktig, er det gjort lite empirisk forsking som kan forklare «korleis, nærare bestemt» og «kvifor» feriar kan påverke arbeidstakarar sin kreativitet. Det ser ut til at vi berre så vidt har starta forstå fullt ut detaljane.

Mange spørsmål treng meir forsking: Til dømes, er ei form ferie er meir «kreativitet-framkallande» enn andre? Har avslappande strandferie og stimulerande ekspedisjonar same effekt på arbeidsplasskreativiteten til den enkelte? Spelar det noko rolle kor ofte og kor lenge ein reiser på ferie? Og, har ferie effekt over tid?

Dei fleste av oss reiser på feire nå og då. Vi meiner både privat og offentlig sektor har interesse av å gjennomføre fleire studiar innan temaet dersom vil skal finne ut korleis kvalitetstid på ferie kan gagne den arbeidsrelaterte kreativiteten hjå den enkelte.

Tekst: Doktorgradsstudent Lukasz Andrzej Derdowski og professor Gro Ellen Mathisen


Sist oppdatert av Karoline Reilstad (17.09.2018)

Skriv ut artikkel print symbol