Første masterkull i prehospital akuttmedisin


Ambulansepersonell frå heile landet har tatt master i pre-hospital critical care ved UiS. – Utdanninga vil komme pasientar til gode, sa helseminister Bent Høie på masteravslutninga.

Totalt 62 masterkandidatar var tysdag samla for å feira at dei har fullført masterutdanning innan spesialsjukepleie, helsevitskap, pre-hospital critical care og relasjonsbehandling.

Første kull i prehospital akuttmedisin

Masteren Pre-Hospital Critical Care (PHCC) blei oppretta i 2014, og dette er første kullet som blir uteksaminert. Tilsette i ambulansetenesta over heile Noreg har no har fått spesialkompetanse i akuttmedisinsk hjelp, og har utvikla si evne til å handtere kritisk sjuke og skada.

Cecilie Øvrebotten (Florø), Morten Bakkerud (Moss) og Mona Guterud (Drammen) er blant dei 14 masterkandidatane som har fullført denne masteren.
– Fagleg har dette vore veldig bra, og det har vore veldig gøy. I dag er ein litt vemodig dag, for me har blitt ein godt samansveisa gjeng, seier Bakkerud.

Masteren, som er den første i sitt slag i Skandinavia, er i samarbeid mellom Norsk luftambulanse og UiS.
– Det hadde ikkje vore mogleg utan økonomisk støtte frå Norsk luftambulanse. Deira bidrag er heilt avgjerande for gjennomføringa av studiet, seier prodekan for undervisning Bjørg Oftedal ved Det helsevitskaplege fakultet.

Nye oppgåver for ambulansefolk

Helseminister Bent Høie var dagens hovudtalar. Han minte om at kunnskap trengs i arbeide for å skape eit berekraftig helsevesen i eit samfunn med fleire eldre og knappe ressursar.
– Eg er optimist, spesielt når eg ser på dykk. Løysinga ligg i utvikling av ny kunnskap, og er overtydd på at det skal me klare framover, sa han.

Han trakk fram at oppgåvene og utdanninga til ambulansepersonell har endra seg mykje dei siste tiåra.
– Etter kvart har vi fått utdanning på plass, og faget har utvikla seg. De representerer ei kvalitetsforbetring, og masterutdanninga dykkar vil komme pasientane til gode, sa han.

I tillegg til kandidatane på PHCC, talte han til alle masterstudentane ved fakultetet. Han viste til at god helse heng saman med å mestre livet, og at masterutdanninga med ny kunnskap kjem pasientane til gode.
– I møte med enkeltmenneske representerer de ein heilt spesiell kunnskap som kan hjelp enkeltmennesket å mestre, sa Høie.

Tekst og foto: Karoline Reilstad


Sist oppdatert av Karoline Reilstad (29.06.2018)

Skriv ut artikkel print symbol