Bli med på EAIE 2018 i Geneve! Husk påmelding innen 24. august


Den 30. EAIE konferansen finn stad i Geneve 11. - 14. september. Konferansen er ein viktig møteplass for alle som jobber med internasjonalisering i UH-sektoren og er relevant for både fagleg - adminstrativt tilsette ved UiS.

Konferansen, som arrangeres av European Association for International Education,  består av over 150 sesjonar, 20 workshops og mange nettverksarrangement samt  eit stor messeområde der du har anledning til å treffe representantar frå universitet over heile verda. Tema for årets konferanse er Facing outward.

Det er i år forventa over 5500 deltakarar frå 85 land så dette er ein unik mulighet til å treffe både eksisterande og framtidige partnarar samtidig som ein blir berika med ny kunnskap om internasjonalisering.

Senter for Internasjonalisering av Utdanning (SIU) samarbeider med NOKUT om ein felles Study in Norway-stand. Her vil det også vera representantar frå UiS, men vi ynskjer gjerne selskap frå fleire fagleg og adminstrativt  tilsette ved UiS.

På første dag av konferansen blir det arrangert campus turar  til University of Geneva, University of Neuchâtel, University of Lausanne og HES-SO University of Applied Sciences and Arts Western Switzerland.

Arrangementer i regi av SIU

  • China – Norway Network Meeting , tysdag 11. september 19:00 – 20:30, Restaurant Vieux Bois, Avenue de la Paix 12. Kina er eitt av Noreg sine viktigaste satsingsland innan forsking- og utdanningssamarbeid. I år arrangerer SIU og den kinesiske søsterorganisasjonen CEAIE eit nettverksmøte. Her blir fagleg innhald men også tid til mingling med litt mat og drikke. Me håpar også de vil invitera dykkar kinesiske kontaktar.
  •  A Taste of Norway, torsdag 13. september 15:00 – 16:00: Også i år  blir det ei mottaking på standen, med litt norsk mat og drikke. Dette er sjølvsagt gratis.

Meir informasjon og detaljar finn du på SIU sine nettsider om EAIE 2018.

Film til inspirasjon  (EAIE Sevilla 2107)

Du kan finne meir informasjon om progammet til EAIE Geneve 2018 her.

Siste frist for påmelding er 24. august. Merk at det lønner seg å bli medlem av EAIE - du registrerer medlemskap samam med påmelding. NB! Du må opprette reiseregning i SAP for å få refundert påmeldingsavgiften.

Har du spørsmål om konferansen og/eller lurer du på korleis den kan vere av nytteverdi for deg i din jobb, ta gjerne kotnakt med kontorsjef Bjarte Hoem på Internasjonalt kontor eller Erasmus koordinator Hege Rosså. Internasjonalt kontor kjem i byrjinga av august til å kalle alle deltakarene på UiS til eit felles planleggingsmøte. 


Sist oppdatert av Hege Rosså (26.06.2018)

Skriv ut artikkel print symbol