Ope utgravingsfelt på Madla


Langs Regimentvegen på Madla held Arkeologisk museum på med undersøkingar av busetnadsspor, dyrkingslag, og mogleg gravfelt. I helga kan du få besøke utgravingsfeltet og lære meir om arkeologane sitt arbeid.

Utgravinga på Madla har no pågått ein dryg månads tid, med fokus på å fjerne matjordlaget som skjuler spora etter fortida, skriv prosjektleder Even Bjørdal på norark.no.
Maskiner og krafsande arkeologar har i samarbeid kome godt i gang med å avdekke det store utgravingsområdet – totalt skal omlag 40 mål skrapast fram på denne måten. Så langt har fleire hundre ulike spor blitt rensa fram og målt inn, alt frå stolpehol og kokegroper til meir uklare grøfter, groper og moglege graver.

- Allereie no har vi tolka fram fleire huskonstruksjonar, og truleg vil vi finne bygningsrestar frå både bronsealder og jernalder, skriv Bjørdal.

Denne helga held arkeologane utgravingsområdet ope for publikum frå 12 – 15 på laurdag. Sundag blir det ei omvisning kl. 13.

Det er tidleg i utgravingsprosessen så arkeologane har foreløpig ikkje mange resultater å vise til, men publikum får vite meir om avdekking, framrensing og kva potensiale dei ser for dei videre undersøkingane.

Arkeologisk museum ber om at publikum tek hensyn og ikkje går inn på området når arkeologane ikkje er tilstades.

Arkeologane skal undersøke området heilt fram til september/oktober.  


Sist oppdatert av Ragnhild Nordahl Næss (14.06.2018)

Skriv ut artikkel print symbol