Myten om den absolutte sjølvråderetten


UiS-professor Roald Berg er redaktør for ei ny faghistorisk bok som tek for seg Noregs balansegang mellom sjølvstende og stormaktsgaranti. Myter står for fall i boka med artiklar av ei rekkje framtredande samfunnsforskarar. Boka blir presentert torsdag 11. desember klokka 16.00 på Arkeologisk museum i Stavanger.

I 2009 har Noreg søkt beskyttelse av NATO og USA i 60 år. Men den vestlege sikkerheitsgarantiens historie strekk seg lenger tilbake enn som så. Noreg har i realiteten søkt vestleg sikkerheitsgaranti heilt sidan 1855. Det kjem fram i ei ny faghistorisk bok utgjeven på Fagbokforlaget med tittelen Selvstendig og beskyttet. Det stormaktsgaranterte Norge fra Krimkrigen til NATO. Redaktør for boka er professor Roald Berg ved Universitetet i Stavanger.

– Noregs sjølvråderett har stått sterkt sidan Grunnlova vart til i 1814. Med eitt unntak. Når det gjeld sikkerheitspolitikken har idealet om sjølvstende og sjølvråderett måtte vike. Noreg har vore eit garantert land i det meste av sin historie som sjølvstendig stat, fortel historieprofessor Roald Berg.

Torsdag 11. desember skal han presentere boka saman med to av sine medforfattarar, professorane Knut Einar Eriksen og Ola Mestad, begge frå Universitetet i Oslo. Presentasjonen finn stad på eit samarrangement mellom Vitenskapsakademiet i Stavanger og Forum for historie, kultur og samfunn, i Arkeologisk museum.

Anglomani og russofobi
– Denne boka slår hol på myten om at Nato i 1949 var noko heilt nytt og spesielt. Vi byggjer her vidare på historikaren Olav Riste, som i si tid påviste at Noreg frå 1905 til 1940 hele tida søkte vestlegs sikkerheitspolitiske garantiar – men under offisielt dekke av å vere nøytralt og alliansefritt. I denne boka går vi endå lenger tilbake og startar med Novembertraktaten frå 1855, som var det første samlande fundamentet for den vestlege alliansen mot Russland – den første traktatfestinga av Noregs anglomani og russofobi, fortel historikaren.

– I ein nasjon har ein lovar og reglar for å ordna tilhøvet mellom innbyggjarane. Det same er ikkje tilfelle i internasjonal politikk. Her er inga overordna makt som kan regulere ueinigheiter. Det er noko av bakgrunnen for at statar allierer seg med kvarandre militært, forklarar Berg.

Historikaren fortel at det ikkje tidlegare har vorte gitt ut ei bok som samlar alliansepolitikk-historia til Noreg mellom to permar. Det var bakgrunnen for at Berg for to år sidan inviterte ei rekkje framtredande samfunnsforskarar til å skrive kvar sin artikkel i boka.

– Historie er samfunnskritikk
– Historieforskingas mål er å nyansere og kritisere gamle innarbeida mytar og dermed drive samfunnskritikk. Dette er ei bok som tek for seg spenningsforholdet mellom norsk offisiell utanrikspolitikk og det nasjonale dogmet om den absolutte sjølvråderetten. Boka Selvstendig og beskyttet problematiserer dette forholdet, fortel Berg.

Grunnlovsparagraf 1 frå 1814 fastslår at Kongerike Noreg er sjølvstendig. Det betyr at det er vi og berre vi som bestemmer over våre fiskeressursar, olje og natur. Men når det gjeld sikkerheitspolitikken mister den norske sjølvråderettsideologien sitt innhald langt på veg.

– Vår sjølvråderett blir ikkje utan vidare vinnaren i Noregs forhold til stormaktene. Noreg er eit lite land som må søkje stormaktsgaranti sidan vi har Russland som ein stor og mektig nabo, heiter det, – ja, vår sikkerheitspolitikk føreset at Russland er fiendtleg innstilt til Noreg. Av den grunn har det vorte til ein truisme – ei openberr sanning som ikkje treng grunngjeving – at vi må søkje beskyttelse og ikkje kan stå åleine med vårt sjølvstende hos den til ein kvar tid regjerande vestlege stormakta; England fram til krigen og USA frå 1949. Men vi har ikkje teke ein grundig diskusjon om forholdet mellom sjølvråderettsideologien og alliansebehovet – om det er naudsynt å velje mellom aleinegang og alliansesamarbeid eller om det er naivt å hevde den uavgrensa sjølvråderetten i ei internasjonal verd, seier Berg.

I pose og sekk
Sjølv har professoren skrive om Integritetstraktaten frå 1907 i boka. Dette var ein traktat mellom Noreg og dei europeiske stormaktene. Det unike med denne traktaten var at Russland og Tyskland var med i krinsen av garantimakter saman med Frankrike og Storbritannia, som altså skulle garantere mot Russland.

– Men denne traktaten var ikkje nok for Noreg. Vi ville også opne for å hoppe over i ein allianse med Sverige viss og når russarane måtte komme. Vi ville ha både i pose og sekk. Det same gjeld vårt forhold til NATO. Vi søkjer beskyttelse i NATO og dermed av USAs atomvåpen, men vi har samtidig reservert oss mot atombomber og til og med amerikanske basar på norsk jord. Eit anna spørsmål er om atomvåpenforbodet blir respektert av USA. Dette kjem historikaren Kjetil Skogrand inn på i sitt kapittel i boka, ”Allianser i alliansen, 1949–1989”.

Berg trekk også fram dagens sikkerheitspolitikk som eksempel på pose og sekk-politikken: Om korleis Noreg deltek med sine allierte i Afghanistan, samstundes som vi har ei rekkje førehald om kvar vi skal vere og kva vi skal gjere.

– Noregs relasjon til EU er jo påfallande prega av den same pose og sekk-mentaliteten: Vi skal ikkje vere med, men vi skal vere med likevel.

Finnmark og Nordområda
På skrivebordet til Roald Berg ligg Jonas Gahr Støres nye bok, Å gjøre en forskjell. Historikaren påpeiker at Støre er ein mann som flaggar alliansepolitikken veldig høgt. Ja, Støre har i følgje Berg eit kjærleiksforhold til sin vestlege beskyttar.

– Støre har samstundes stor tru på det han og lille Noreg driv på med og kan få til – det er nok uttrykk for den gamle sjølvråderettstenkinga. Hans politikk skal sette norske fotavtrykk over store deler av verda, samstundes. Ein kan jo stille spørsmål om Utanriksdepartementet i det heile har ressursar til dette, undrar Berg som påpeiker at Noreg er eit lite land når det gjeld sikkerheitspolitikk, men også når det gjeld ressurspolitikk. Han er ikkje overtydd om at EU, NATO og USA vil stå på same side som oss mot Russland når det gjeld olje i Barentshavet.

Berg har i likskap med Støre interesse for historia i Nordområda. Nyleg fekk Berg spørsmål frå Universitetet i Murmansk om å få lov til å omsetje ein artikkel han har skrive til russisk. Artikkelen handlar om innføringa av verneplikta i Nord-Noreg i 1897.

– Det underlege i dette er at til tross for Noregs russofobi, så innførte dei verneplikta så seint som i 1897 i det fylket som grensar opp mot Russland. Forklaringa på det er at maktapparatet i sør ikkje hadde tillit til finnmarkingane. Det var ei befolkning som bestod av både samar, finnar og kvener, i tillegg til fiskarane på kysten og nybyggjarane som kom sørfrå. I den nasjonalistiske atmosfæren på 1800-talet, vart finnmarkingane behandla svært dårleg. Dei var ikkje riktig norske i søringane sine auger, og ikkje til å stole på, går det fram av rapportar som Det norske forsvaret skreiv på den tida – for øvrig utan annan grunn enn sine eigne fordommar.

Etisk balansegang

Boka Selvstendig og beskyttet vert avslutta med ein refleksjon over dei etiske sidene av Noregs balansegang mellom suverenitet og allianse, ført i penna av filosofen Henrik Syse.

– Vi må i større grad tenkje etisk rundt kva alliansar betyr og medfører. Dette har vore fråverande i den akademiske og politiske debatten. Med denne boka ønskjer vi å starte ein debatt, seier Berg.

Han trekk fram professor Øyvind Østeruds artikkel som stiller spørsmål om kva som gjenstår av stormaktsgaranti for norsk sikkerheit i ein situasjon kor NATO spiller mindre solle som kollektiv forsvarsmakt og større rolle som deltakar i internasjonale operasjonar. Og kva skjer når våre interesser i våre nærområder tilsynelatande blir mindre sikkerheitspolitiske og meir næringspolitiske?


Sist oppdatert av Karen Anne Okstad (30.12.2008)

Skriv ut artikkel print symbol
Portrett av Roald Berg.
ØNSKJER DEBATT: – Vi må i større grad tenkje etisk rundt kva alliansar betyr og medfører. Dette har vore fråverande i den akademiske og politiske debatten. Med denne boka ønskjer vi å starte ein debatt, seier redaktør for boka, professor Roald Berg ved Universitetet i Stavanger.
Bokomslag: Selvstendig og beskyttet
MYTAR FOR FALL: Ei rekkje mytar står for fall i boka som tek for seg Noregs balansegang mellom sjølvstende og stormaktsgaranti.

FØLG UIS I SOSIALE MEDIER