- Hugs kjønnsbalansen!


Fagleg tilsette som skal søka om etablering av programområde for forsking, må stila mot å få begge kjønn inn i forskargruppa.

Det seier Ingvil F. Hellstrand i Nettverk for kjønnsforsking. Ho deltar også i ei arbeidsgruppe som skal revidere UiS sin handlingsplan for kjønnsbalanse for perioden 2009-2012.
Alle som søker om å opprette eit programområde for forsking, må streva etter å oppnå kjønnsbalanse i forskargruppa som ligg til grunn for søknaden. Det sentrale forskingsutvalet, som avgjer kven som får opprette programområde, understrekar at begge kjønn bør vera representert i kjernegruppa av forskarar. Dette kan vera ei utfordring for mange forskingsmiljø, og kjønnsforsking er ikkje noko unntak.
– På vårt område har vi eit underskot av menn. I andre miljø er det motsatt. Men dette er noko alle må tenke på når dei etablerer forskargrupper. Det er jo ofte slik at når ei gruppe skal setjas saman, har ein lett for å tenke lokalt og tradisjonelt. Hugs at kjønnsbalanse og likestilling er ein plikt for UiS som organisasjon, så vel som eit viktig tiltak for fagområda og utdanningane. At kjønnsbalanse blir eit tema for alle forskargrupper, er eit viktig steg mot å jamna ut kjønnsskilnader på UiS på sikt, seier Hellstrand.


Sist oppdatert av Leiv Gunnar Lie (01.12.2008)

Skriv ut artikkel print symbol